Tysdag varsla fiskeriminister Helga Pedersen at kommunane skal få ta betaling for å sleppe oppdrettsanlegg til i sjøområda sine. Målet er å sikre oppdrettsnæringa meir plass.

Leiar Reidar Nilsen i Norges Fiskarlag er bekymra.

— Det er ikkje til å stikke under ein stol at med meir arealbruk blir det større og større konfliktar med den tradisjonelle næringa. I mange pressa område er oppdrett blitt ganske problematisk, seier Nilsen.


«Er det mulig at ei regjering kan meine at det å opne for fjordskatt for oppdrettsnæringa er å betre rammebetingelsane for næringa?», skriv Arve Mjømen (H) i valgbloggen. Les alle innlegga her.

Slapp sei

Nilsen peikar på Hordaland og spesielt Ryfylke som område der konsentrasjonen av oppdrettsanlegg er eit problem for fiskarane.

Verst har det vore i Ryfylke, der dei har livnært seg på fiskefôr frå oppdrettsanlegga.

Resultatet har blitt ein sei som bokstavleg tala er slappfisk. Kjøtet er slik at det ikkje kan lagast filetar av.

— Om laksen toler fôret, så gjer ikkje seien det, seier Nilsen.

Han seier også at ekskrement frå lakseoppdrettsanlegg skremmer vekk torsk frå gyteplassane.

Vil ha lovvern

Trykket mot fiskeplassane kan no bli så stort at Nilsen vil har styrkja den hevdvunne retten han meiner fiskarane har til å bruke desse områda.

— Pr. dags dato har fiskarane hatt retten. Vi kom først. Det må bli eit lovverk som tek vare på fiskerinæringa like godt som før, seier Nilsen.

Under førre opptur for oppdrettsnæringa, i 1999-2000, var det mange lokalpolitikarar som let seg blende av roseraude forventningar om arbeidsplassar og vekst i oppdrettsnæringa, meiner fiskarlagsleiaren. Dermed la dei til rette for oppdrettsnæringa på eit vis som gjekk ut over tradisjonelt fiske. Når lokalpolitikarane no skal få høve til krevje leige for oppdrettsanlegg i kommunane sine, er Nilsen redd det same skal skje igjen.

— Det er nettopp det som er bekymringa, seier Nilsen.

Støttar Nilsen

Gaute Tofte på Halsnøy driv notfiske med 50-fotingen «Svennesbuen». Han og mannskapet på to fiskar langs heile kysten, men først og fremst i Sunnhordland.

Hittil har Tofte ikkje opplevd å bli pressa vekk frå fiskeplassane av nye oppdrettsanlegg. Men han støttar fiskarlagsleiaren sitt framlegg om sterkare lovvern av fiskeplassane.

— Presset frå oppdrettsnæringa kjem berre til å auke, seier Tofte.

Han meiner det er plass til begge næringane, så sant det vert teke omsyn til fiskarane sine interesser. Difor meiner han det er synd at dei kommunale fiskerinemndene vart nedlagt for nokre år sidan.

Der vart fiskarane representert, og det gav ein større tryggleik for at fiskarane sine interesser vart tekne vare på når oppdrettsanlegg skulle plasserast i fjordane.

Herskedal, Kjell