I dag får planutvalet i Førde kommune ei noko uvanleg sak.

Rådmannen tilrår at kommunen set av eit 1,5 dekar stort område i bydelen Hafstad til ulike trussamfunn. Men han tilrår samstundes at kommunen legg inn i planen ei støygrense frå trussamfunna på 55 desibel, som er på nivå med ein vanleg samtale.

Det er spesielt det islamske senteret i Førde som er på jakt etter ein stad å halde til.

— Vi har god dialog med muslimane i Førde, og dei er tydelege på at dei har veldig respekt for sine nye landsmenn og ikkje vil gjere noko som forstyrrar dei. Dei skal ikkje ha noko lyd utanfor huset i det heile, seier plansjef Reidar Hatlebrekke i Førde kommune.

Forsikring mot minaret

Men trass i forsikringane frå muslimane, vil kommunen i forslaget sikre seg mot at muslimane skiftar meining og vil ha bønerop frå minaret.

— Med tid og stunder kan dei tenkje at dei vil ha det annleis og vil ha minaret, men då har vi lagt inn dette kravet, seier Hatlebrekke.

— Har de målt støynivået på kyrkjeklokkene i Førde?

— Nei, det har vi ikkje gjort. Det har ikkje vore tema.

— Har de vurdert å gje kyrkja tilsvarande støykrav?

— Nei, seier Hatlebrekke.

Grunneigarane har protestert mot at det blir sett av område til trussamfunn i den nye planen. Ifølgje avisa Firda møtte muslimane óg bastant motstand frå naboar, då dei prøvde å få eit lokale i eit forretningsbygg i Førde sentrum.

- Ikkje urimeleg, meiner biskopen

— Støykravet er ikkje urimeleg, særleg når muslimane sjølve seier dette ikkje er viktig. Det vil vere ei markering og gje tryggleik. Nokon vil kjenne seg utrygge når vi får inn ein ny religion. Så litt forsiktig inngang frå begge sider trur eg er greitt, seier biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther.

Han meiner likevel at kommunen bør halde ope for å reforhandle krava seinare.

Men biskopen fryktar ikkje støykrav for kyrkjeklokker.

— Nei, det trur eg ikkje. Kyrkjeklokkene er ei stadfesting av ein tradisjon som sit veldig djupt i vårt folk, seier han.

– Bryt med grunnlova

Ei støygrense vil bryte med menneskerettane og norsk grunnlov, om den ikkje óg råker kyrkjeklokker, seier forskar Njål Høstmælingen ved Universitetet i Oslo.

– Ein må behandle alle trussamfunn likt. Det er greitt å gripe inn mot støy, men gjer ein det mot nokon og ikkje andre bryt det med kravet om religionsfridom i menneskerettskonvensjonen, som óg er nedfelt i den norske grunnlova, seier forskar Njål Høstmælingen ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo.

Han er ein av landets fremste spesialistar på religionsfridom.

Høstmælingen trur dette er eit problem som vil dukke opp stadig oftare i det norske samfunnet.

– Talet på religiøse bygg og konfliktar vil auke. Så anten må ein tone ned den norske kyrkjas klokker, eller så må ein tone opp andre religionars ytringar til same nivå. Begge delar kan bli eit problem, seier han.