— Rådgivende Biologer har heile tida stått for at elva kan reprodusere seg sjølv, og at yngelproduksjonen er meir enn stor nok til det. Når Norsk Naturovervåking kjem med tal på utvandring av smolt som til dei grader stiller spørsmål ved tidlegare undersøkingar, er det oppsiktsvekkjande, seier leiar i Aurland elveeigarlag, Bjørn Vike.

Etter kraftutbygginga i Aurland på 70- og 80-talet har fisket gått gradvis nedover. Aurlandselvi var først og fremst ei svært god sjøaureelv. I kronåra fram til tidleg på 80-talet, blei det teke godt over 2000 sjøaurar på ein sommar. Men ti år etter at kraftutbygginga var på sitt mest intensive, gjekk fisket brått ned. I 1982 blei det teke 2418 aurar. Året etter var fangsten nede i 729. Seinare har årsfangsten fleire gonger vore under 300. Same utviklinga skjedde med laksefisket, og sidan 1990 har det vore forbod mot å fiske laks.

E-CO Vannkraft driv dei store kraftstasjonane i Aurland. Selskapet er gjennom konsesjonen pålagt å drive klekkeri og kultivere elva. Dei siste åra har klekkjeriet ikkje vore i drift. I konsesjonen er utbyggjar også pålagt vilkår som gjer elva til ei dei mest undersøkte i heile landet.

— Det er seks-sju år sidan klekkinga blei stoppa. E-CO må no få fortgang i arbeidet med å byggje nytt klekkeri, få på plass rognkassar for aure og utvide områda for yngel. Aurlandselva skal vere ei elv for aktivt sportsfiske. Skal vi få det til, må arbeidet med kultivering kome i gang, seier Vike.

— Videoregistreringa frå Norsk Naturovervåking tilseier at det er lite småfisk. Korleis stemmer dette med inntrykket elveeigarane har?

— Vi meiner at det er mykje mindre enn før. Mange har vore skeptiske til konklusjonen frå Rådgivende Biologer om at det er så mykje smolt at det ikkje er plass til meir. Det er ikkje eit yrande liv med småfisk som i dag pregar elva.

Sjølv om elveeigarlagsleiaren er uroa over to undersøkingar med stikk motsett resultat, seier det trass alt er bra at elva blei videoovervaka i tillegg til meir tradisjonelle undersøkingar:

— Det er vel og bra at det blir debatt innan fagmiljøa, men vi kan ikkje vente på at dei blir einige, seier Vike.