NVE krev at Statnett gjennomfører nye utgreiinar om jord— og sjøkabel. Dei vil også ha vurderinar om kva konsekvensar lina vil ha for verna område og biologisk mangfald. NVE understrekar likevel at dette i hovudsak vil gjelde justeringar i dei valde traséane.

Den veldige kraftlina har møtt stor motstand, og ikkje mindre enn 330 fråsegner har kome til søknaden. I følgje NVE skal tilleggsutgreiingane ut på ny høyring før det blir gjort vedtak komande haust.