— Vi har reist eit krav overfor Fylkesbaatane (FSF) om at det må vere kafédrift på denne strekninga. Det kravet står ved lag, understrekar Solund-ordføraren.

På eit av dei lengste ferjesambanda i landet, den meir enn timelange turen Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn, har FSF stengt all servering. Selskapet meiner det er for dyrt å halde kaféane opne på ferjesambanda med minst trafikk.

Prøveordning

— Då det blei kjent at kioskdrifta skulle leggjast om på fleire av ferjesambanda, tok vi dette opp med selskapet. Vi blei lovde ei prøveordning som gjekk ut på at kiosken skulle bli prøvd halden open, i alle fall nokre timar kvar dag. Men eg har registrert at det no er lite å få av både vått og tørt. Prøveordninga har i alle fall ikkje fungert, konstaterer Krakhellen.

Kommunens hovudargument har vore at det må vere eit serveringstilbod på eit så langt samband.

— Dette er viktigaste trafikknutepunktet til omverda for innbyggjarane i kommunen, seier Krakhellen, og understrekar at det har med trivsel å gjere å ha ein open kiosk. - Det finst heller ikkje serveringsstadar nær ferjeleia på dette trekantsambandet. Det naturlege er at kafeen er på ferja. I tillegg fremjar det neppe Solund som turistkommune når det blir kjent at ein timelang ferjetur er utan serveringstilbod.

Ta opp med staten

Solund-ordføraren utelukkar ikkje at kommunen kan komme til å ta nedlegginga av ferjekaféane opp med staten. Grunnen er at FSF argumenterer med at dei må redusere drifta av kioskane, for å stå best mogleg rusta til å møte konkurransen når stadig fleire strekningar blir lyste ut på anbod.

— Vi snakkar trass alt om eit riksvegferjesamband som bør kunne ha ein viss standard. Eg registrerer jo også at det blir brukt ganske store summar på å arbeide opp fine rasteplassar langs riksvegane. Eg syns nok det er litt underleg at det då ikkje skal vere pengar til å halde oppe eit tilbod om servering på ei riksvegferje. Så det kan vere grunn for oss til å arbeide med andre styremakter.

— Kjem Solund kommune til å ta nedlegginga av kafédrifta opp med Fylkesbaatane på ny?

— Vi har reist vårt krav, og det står ved lag. Eg håpar selskapet finn ei løysing.