Styrmannen og maskinisten har begge teke ut stemning mot reiarlaget for det dei meiner er usakleg oppseiing.

To spørsmål står sentralt:

  • Når og kor mykje vart det drukke om bord i ferja kvelden før fylleturen.
  • Kva kontakt var det mellom mannskapet dei fyrste rundturane morgonen etter.

— Styrmannen sov då ferja la frå kai, og avløyste kapteinen klokka 08. Han merka ikkje noko uvanleg. Sjølv var han edru, seier mannen sin forsvarar, advokat Thor Harald Eike.

HSD er derimot av ei anna oppfatning. For det fyrste er reiarlaget tvilande til at det berre vart nytte alkohol til maten kvelden før. Dessutan meiner reiarlaget at maskinisten forsømte jobben sin då han ikkje var på vakt alt fyrste turen.

For maskinisten er saka vel så spesiell. Han var heilt edru då politiet kontrollerte han. Reiarlaget har derimot gitt han sparken fordi dei meiner at han burde ha visst at mannskapet ikkje var edru etter festen kvelden før. Reiarlaget meiner at han som offiser burde sjekke tilstanden på kollegane før ferja vart sett i drift.

— Utfallet av straffesaka, og dei bevis som skal førast der, er sjølvsagt også sentrale i arbeidsrettssaka som vil kome seinare på hausten, seier advokat Eike.

BT kom i går kveld ikkje i kontakt med informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD for ein kommentar.