— Eg er bra frustrert og dyktig lei etter kvart, seier Sørfonn til bt.no.

I fjor konfronterte han samferdsleministeren om stadige kanselleringar av C-ferja på Halhjem-Sandvikvåg. Ifølgje Sørfonn skulle tilbodet evaluerast, men C-ferja er stadig vond å stola på.

— Vi blei lova ei ny tid med kortare overfart med dei nye gassferjene. No er folk berre heilt nedslåtte. Dei som skal reisa med fly og til møter, ser berre vekk ifrå C-ferja, seier Sørfonn.

Les også: Må ta Fjord 1 i nakken

– Fortvila

Han leverte i dag inn følgjande spørsmål til samferdsleminister Liv Signe Na-varsete til den komande spørjetimen neste onsdag.

<

Dei reisande, både privatpersonar og næringsliv, er fortvila over manglande forutsigbarhet i høve til regularitet. I hovudsak skuldast dette at C-ferjene altfor ofte er ute av trafikk. Kva vil statsråden gjera for å oppfylla intensjonane om at hurtiggåande gassferjer i dette sambandet oppfyller det som var forventningar og føresetnader?>>

- Kjempetabbe

Tysdag skreiv Bergens Tidende om NHO som krev ny gassferje. Statens vegvesen arbeider med løysingar, men i høve kontrakten med Fjord1 har dei berre ei mindre saktegåande ferje å setja inn som erstatning for C-ferja.

Denne vil ikkje kunne halda same fart som gassferjene og vil bli akterutsegla, i følgje Eli Marita Vik Næss som leiar fer-jeseksjonen i Statens vegvesen.

I dagens BA innrømmer Vegvesenet at dei undervurderte verdien av hyppige avgangar på ferjestrekninga. Vegvesenet strekar derimot under at C-ferja i seg sjølv er ei erstatningsferje dersom dei andre gassferjene er på verkstad.

Provosert

Det provoserer Ingebrigt Sørfonn.

— Eg føler Statens vegvesen utviser ein arroganse. Det er ein kjempetabbe at dei godkjende ei erstatningsferje som går så seint at ho ikkje er eit reelt alternativ.

No forventar han at samferdsleministeren skjer igjennom.

— Eg forventar at ho gjev eit positivt svar og at ho set himmel og jord i rørsle for å gjera ferjetilbodet betre. Me ønskjer eit ferjetilbod som me kan leva med. Folk må kunne rekna med at ferja går, sluttar Sørfonn.