Aktoratet meiner seks månader av straffa skal vere ubetinga. I tillegg meiner aktor tiltalte må betale tilbake pengar han urettmessig har fått utbetalt frå A-etat. Totalt dreiar dette seg om 805.000 kroner.

I sin prosedyre for Sunnfjord tingrett i dag la statsadvokat Wangberg sterk vekt på at tiltalte heile tida har vore fullt klar over kva han gjorde.

— Tiltalte har levd på ei livsløgn. Sjølv om denne saka også er ei personleg tragedie, må tiltalte heile tida ha visst kva han gjorde. Bedrageriet har skjedd over ein periode på ti år, og tiltalte har ved ei rekkje høve kunna avslutta dette sjølv, sa Wangberg.

I avslutningsinnlegget karakteriserte Wangberg saka som heilt unik.