Under dagens avslutning av rettssaka mot vokalisten i black metal-bandet Gorgoroth, la aktor Ronny Iden vekt på at sunnfjordingen, som brukar artistnamnet «Gaahl», tidlegare er dømt for grov vald.

Han fekk eitt års fengsel i ei sak frå Høyanger for nokre år tilbake, og Iden sa at han må få strengare straff denne gongen. Dei tidlegare sakene han har vore involvert i, må verke straffeskjerpande.

Akoratet understreka også sterkt dei store skadene offeret fekk. Sambygdingen i 40-åra fekk store fysiske og psykiske skader av valden som blei utøvd, og slit framleis med desse.

— Gaahl er ein kulturperson

Ein kvinnleg lærar frå Bergen stilte i dag som forsvarets karaktervitne, og teikna eit ganske så annleis bilde av den valdstiltalte sanistvokalisten enn det som har kome fram så lang. Vitnet hadde ikkje spesielt mykje til overs for måten vennen hennar er blitt framstilt i media på.

— Det er ganske latterleg å lese at han skal ha drukke blod som ei rituell handling. Dette blir som ei moderne heksejakt, sa kvinna.

— Er han satanist, ville forsvarar Christian Eckhoff vite.

— Om du med satanist meiner motstand, og at han set individet i sentrum, så er svaret ja. Om du meiner at han utfører rituale etter ein satanistisk religion, så er svaret nei, sa vitnet, som meinte saka ber preg av at nokon har sett for mykje på filmar ala "Rosemaries Baby".

Om vennens temprament skildra vitnet Gogoroth-vokalisten som ein roleg, sindig person.

— Når vi er ute saman, er han ein som alltid klarer å snakke seg ut av situasjonane.

Men "Gaahl" på scena er ei heilt anna sak.

— Eg ser på det som ei kunstform, eit skodespel. Korleis du ser ut på scena, har ingenting med korleis du er som person, sa vitnet, som elles opplyste at black metal-vokalisten er ein habil kunstmalar.

Etter vitneprovet hennar valde retten å lukke dørene når den sakkunnige personvurderinga av "Gaahl" skulle leggast fram.