Kravet er sett fram i eit brev til ordførar Toralv Mikkelsen, der han ber om at Smelteverket kjem opp som ekstrasak på formannskapsmøtet i dag.

Overfor Bergens Tidende gjer Kolbotn det klart at artikkelen i laurdagsavisa om spelet om Odda Smelteverk(OS) er med på bakteppet for utspelet. Der fortel tidlegare administrerande direktør Per Øyvind Sævartveit at han gjekk av i februar fordi han ikkje hadde tru på løysinga som den amerikanske eigaren pressa gjennom. Noko måtte vera hemmeleghalde når argaste konkurrenten ville levera oddingane råstoff til svært rimeleg pris.

Ein påstand om at OS som gjenyting måtte kutta ut Cy50-produksjonen i to år, vert det nekta for, men den same konkurrenten, tyske Degussa, har no kjøpt heile Cy50-fabrikken i Odda og flytta maskinene til Tyskland. Cy50 (væske) vert mellom anna nytta som vekstmanipulator for plantar, slik at dei kan haustast fleire gonger i året.

Kolbotn viser til at Odda kommune og andre offentlege instansar har gått inn med offentlege midlar, og på andre måtar freista å sikre vidare drift ved Odda Smelteverk.

Odda kommune må etter RV sitt syn no vurdera å ta initiativ til ei full offentleg gransking av kva som har skjedd i saka.