EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no— Produkt- og elektrisitetstilsynet må reagere når det kjem fram så oppsiktsvekkande opplysingar, seier avdelingsdirektør Tom Bolstad i Forbrukarrådet. Han viser til EU-prosjektet i Trondheim, som konkluderer med at ingen av dei åtte redningsvestane som har vore til utprøving skulle vore i sal. Vestane oppfyller ikkje krava det internasjonale regelverket stiller. Seks av vestane er fritidsvestar, og fleire av dei er å få kjøpt i norske butikkar. Innsyn nødvendig - I slike saker er det heilt nødvendig at dei som har ansvar for tilsynet går inn og undersøkjer nærare, seier Bolstad.Han forstår godt foreldre som er provosert over at dei ikkje får vite kva for vestar som er prøvd ut i Trondheim.- Dersom tilsynet heller ikkje får innsyn, må dei gjennomføre tilsvarande testar sjølve. Det er ei heilt opplagt oppgåve for dei, seier Bolstad.Han er opptatt av at forbrukarane må få full tilgang til informasjon om kvaliteten på dei ulike modellane.- Det er heilt sentralt at dei som har kjøpt eller har tenkt å kjøpe ein slik vest, får fullt innsyn. Berre slik kan dei unngå produkt som er dårlege, eventuelt krevje pengane attende om dei har kjøpt noko som ikkje held det produsenten har lova, seier Bolstad. - Ikkje til å leve med Men Produkt- og elektrisitetstilsynet, som har tilsynsansvaret, har ingen planar om umiddelbare vest-testar.- Å gå direkte inn og gjennomføre testar vil vere eit ekstraordinært tiltak. Vanleg prosedyre er at vi ber leverandørane om dokumentasjon på at vestane oppfyller krava først. Så tek vi saka frå der, seier avdelingsdirektør Vivi S. Sølverød. I går hadde ho enno ikkje bestemt seg for kva som skal gjerast.Heller ikkje barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim, som er ansvarleg statsråd for tilsynet, har eit klart svar på det. - Vi kan i alle fall ikkje leve med godkjenningsordningar som ikkje fungerer i heile tatt. Vi kan ikkje forlede folk til å tru dei har ein tryggleik som ikkje er reell. Eg har sett forbrukaravdelinga i departementet til å sjå på saka, seier Bekkemellem Orheim.

Se også: Vil vite hvilke vester som er tryggeEtterlyser betre tilsynSvensk test med same konklusjon