Krev full orientering

Vallova set krav til at politiske kandidatar til kommunestyret ikkje skal ha kommunale leiarstillingar med økonomisk ansvar. Med rektorjobben han no har, vil ikkje varaordføraren kunne halde fram i politikken. Men som flyktningkonsulent ville han kunne stille til val. No reagerer Arbeiderpartiets gruppeleiar i kommunen, John-Ove Bratseth, sterkt på det som har kome fram.

— Eg reknar med som sjølvsagt at vi får ei full orientering på neste møte i administrasjonsutvalet, seier han.

Overfor Bergens Tidende gav Sp-ordførar Einar Kjerpeseth først uttrykk for at kommunen som følgje av ei omorganisering var forplikta til å gje varaordføraren ei ny stilling - og late han få behalde rektorløna.

Måtte strekkje seg

Seinare hevda Kjerpeseth at det var administrasjonen i kommunen som hadde tilbydd varaordføraren stillinga som flyktningkonsulent.

— Eg er svært overraska, seier Bratseth.

— Dersom varaordføraren aktivt går inn for å få jobben som flyktningkonsulent for å kunne halde fram som politikar, så må han jo sjølvsagt finne seg i å bli løna som flyktningkonsulent og ikkje som rektor. Og han må jo søke jobben på lik line med alle andre.

Ved siste valet var Bratseth svært nær å få ordførarvervet, men den borgarlege fløyen beståande av Høgre, Senterpartiet og Venstre fekk fleirtal og fordelte ordførar- og varaordførarverva mellom seg.

Dermed vart Einar Kjerpeseth (Sp) ordførar og Roar Førde (H) varaordførar.

— Det er ingen løyndom at Sp måtte strekkje seg langt overfor dei andre for å få ordførarvervet. Kor langt, det kan vi berre gjette på, seier Ap sin gruppeleiar Bremanger, John-Ove Bratseth.