Både i går og i dag har det vore nye aksjonar mot Hardanger-mastene, denne gongen i Granvinfjorden.

Med det har begeret runne over for Statnett, som før dette har opplevd 17 aksjonar på fire veker.

— Aksjonistane påverkar framdrifta i så stor grad at me blir tvungne til å vurdera krav om erstatning. Me har gjort ei juridisk vurdering på det, og komme fram til at me er i vår fulle rett til å gjera det, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristian Marstrand Pladsen.

Kan hamna på straumrekninga

— Ulovlege aksjonar hindrar arbeidet og kan truga forsyningstryggleiken, seier han, og legg til at kostnadane ved forseinkingane elles vil hamna på folk sine straumrekningar.

Pladsen seier dei ikkje har andre midlar å ty til. Politiet blir varsla, men aksjonistane har etter kvart blitt gode på å leggja aksjonane til tidspunkt der politiet ikkje rekk fram før arbeidsdagen er nærare over.

— Me kan ikkje gripa inn sjølv, og me kan ikkje stengja aksjonistane ute frå området. Då står berre erstatningskrav igjen, seier Pladsen.

Kor store erstatningskrav det er snakk om vil avhenga av kostnaden kvar aksjon medfører. Pladsen reknar med det vil dreia seg om alt frå nokre tusen kroner til mangfaldige tusen.

Han fortel at Statnett i første omgang vil krevjaerstatninga direkte frå aksjonistane. Om det kjem til søksmål er avhengig avkva aksjonistane svarar til kravet.

- Udemokratisk

— Eg har ikkje ord. Dette viser maktarrogansen dei har. Skal eit stort, statleg selskap gå til søksmål mot enkeltindivid? Det er heilt sjukt, seier Synnøve Kvamme, talsperson for Hardangeraksjonen, når ho får høyra om Statnett sitt drastiske steg.

— Eg trudde ikkje dette kunne skje i eit demokrati som Noreg.

- Men aksjonane dykkar er ulovlege, er dei ikkje?

— Det er Statnett si oppfatning. Me meiner det er dei som gjer noko ulovleg når dei gjennomfører utbygginga medan dei lyg om kva som er formålet med henne. Dette er ein demokratikamp for oss, seier Kvamme.

Ho meiner det umogeleg kan vera ei overrasking for Statnett at dei møter motstand i form av sivil ulydnad, og meiner det er ufint at dei heng seg opp i utgiftene frå aksjonane.

— Dette er småbeløp for dei. Korleis har det seg at dei kan rekna 460 millionar kroner feil på kostnaden med linja utan at det får nokon konsekvensar?

Vil bli ferdig

Hardangerlinja skulle i utgangspunktet kosta rundt 500 millionar kroner, men kostnaden er no berekna til ein milliard kroner. Pladsen vil likevel ikkje godta argumentasjonen til Kvamme.

— Ein ekstrakostnad rettferdiggjer ikkje ein ekstrakostnad til. Det gjer berre vondt verre, seier han.

Han presiserer òg at det viktigaste for Statnett er å bli ferdig med byggjinga.

— Me ønskjer berre å få bygd dette i fred.

Kvamme kan ikkje uttala seg om aksjonane vil bli påverka av eventuelle erstatningskrav.

Går aksjonistane for langt?