Tom Johansens advokat, Walter Høivik, meiner det er opplagt at hans klient har krav på oppreising.

– Vi har så vidt snakka om dette, og eg vil rå han til å søkje oppreisingserstatning. Vi kjem til å starte arbeidet med erstatninga når politiet formelt har fråfalle siktinga, seier advokaten.

Bakgrunnen for erstatningskravet er at advokaten meiner politiet ikkje hadde grunnlag for å sikte Johansen for brannen der eks-kona og sonen omkom.

Individuell utmåling

– Eg ser at politiet med bakgrunn i trugslane kunne mistenke min klient. Men kravet for å sikte nokon, er at det skal vere mest sannsynleg at den som blir sikta verkeleg har gjort det han blir skulda for. Eg kan ikkje sjå at det var tilfelle, så lenge politiet på det tidspunktet dei tok ut siktinga ikkje hadde haldepunkt for å seie at brannen var påsett, kommenterer Høivik.

Til Bergens Tidende seier advokaten at det eksisterer tilnærma standardsatsar for erstatning når folk urettmessig blir frårøva fridomen. Desse er utarbeidde i forhold til lengda på fengselsopphaldet. Men Høivik meiner slike satsar ikkje kan nyttast i dette tilfellet.

– Vi snakkar her om ei svært alvorleg sikting. Det er ein situasjon som har vore sterkt belastande, og der min klient har blitt stigmatisert. Eg meiner difor at det må skje ei individuell utmåling av erstatningssummen.

– Din klient har, både i intervju med TV2 og lokalavisene i Sunnfjord gitt uttrykk for at han forstår politiet som mistenkte han. Vil ikkje dette svekke hans krav om oppreising?

– Eg kan ikkje sjå det. Min klient er ikkje jurist, seier Høivik som meiner det er sjølvsagt at hans klient får erstatning. Spørsmålet blir storleiken.

«Elektriske feil»

Alt tidleg i januar vil Kripos truleg vere klar med rapporten om brannen der 37 år gamle Irene Johansen og den ni år gamle sonen Markus miste livet. At konklusjonen ser ut til å komme så tidleg, indikerer at politiet trur dei veit brannårsaka. Lokalavisa i Florø, Firdaposten, skreiv julekvelden at mykje tyder på at ein elektrisk feil er grunnen til at det tok til å brenne.

– Funn gjort på brannstaden gjev klare indikasjonar på at vi har med ein elektrisk feil å gjere. Vi har sendt ein del gjenstandar til analyse. Håpet er at desse vil gje svar som gjer at vi så godt som 100 prosent sikkert kan seie kva brannårsaka var, seier politiadvokat Magnar Austerheim til Bergens Tidende.

Han vil ikkje gå i detaljar om kva funn det er som gjer at politiet kjenner seg rimeleg trygge på kva som gjorde at dødsbrannen starta, og understrekar at politiet først kan vere heilt sikre når den endelege rapporten er klar.