Selskapet Asplan Viak var leigd inn som rådgjevarar i anbodsprosessen for nye kontraktar på snøggbåtrutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

No set fylkeskommunen fram erstatningskrav mot Asplan Viak for skadevoldande rådgjeving. Det bestemte fylkesutvalet i dag.

«Det er viktig for fylkeskommunen å stille Asplan Viak til ansvar for det vi meiner er grovt feilaktig rådgjeving under anskaffingsprosessen», heiter det i tilrådinga frå fylkesrådmannen.

— Ei rekkje feil

Fylkeskommunen valde anbodsforma konkurranse med forhandlingar då dei lyste ut storkontrakten i mai i fjor. Rett før ju kunngjorde fylkeskommunen at Fjord 1 fekk kontrakten. Tide Sjø protesterte, og drog saka for retten. Sogn tingrett gav Tide medhald, og tildelinga vart kjend ugyldig.

Les også: Beklagar anbodsrot

Asplan Viak si handtering av saka er prega av ei rekkje feil, konkluderer fylkeskommunen sin advokat. Råda som vart gitt var på vesentlege punkt uriktige og kritikkverdige, meiner fylkesrådmannen.

Ventar store erstatningskrav

Saka har påført fylkeskommunen mykje ekstra arbeid og store utgifter til advokatbistand og sakskostnader. I tillegg er det varsla erstatningskrav i 100-millionarsklassen både frå Tide Sjø AS og Fjord 1 Fylkesbaatane.

No freistar altså fylket å få lagt mykje av ansvaret over på rådgjevarselskapet.

Asplan Viak kommenterer saka i eit brev til fylkesrådmannen. Dei kjenner seg ikkje att i fylkeskommunen si framstilling av saka, og kan ikkje sjå at dei har gjort seg skuldig i uforsvarleg eller feilaktig rådgjeving.

Kva meiner du om hurtigbåt-thrilleren? Diskutèr her!