— Denne saka finst det berre eit dekkande ord for: Skandale, seier advokat Jan M. Birkeland.

— Det er gjort klare overgrep mot familien. For Utlendingsdirektoratet (UDI) og dei som forvaltar norsk utlendingspolitikk, er saka ei skam. Birkeland har representert Herdis Seim og ektemannen Sri sidan saka tok til å rulle i fjor haust. At UDI no har snudd heilt rundt ser han som ein full siger for ekteparet.

Parodi

Advokaten nøler ikkje med å karakterisere heile saka som parodisk.

I fjor sommar blei Sri pågripen for transport ut av landet. Då hadde han budd i Florø og vore sambuar med Herdis Seim i fire år. Paret ville gifte seg, men det var ikkje så enkelt. Sri kunne ikkje få fast opphaldsløyve før paret var vigde, og dei kunne ikkje gifte seg utan at han hadde opphaldsløyve.

Denne gordiske knuten kunne ingen i kongeriket løyse. Etter mykje juridisk tautrekking avgjorde UDI 11. desember i fjor at Sri ikkje kunne få vidare opphald.

Klagehandsaming før klagen

Alt to dagar etter at UDI hadde gjort utvisingsvedtak, vart saka oversendt Justisdepartementet som klagesak. Men dette skjedde før det var levert inn formell klage. Den kom første nokre dagar seinare.

Men før det, den 14. desember, blei tamilen send med politieskorte tilbake til Sri Lanka. Herdis reiste med, og i all hast vigde paret seg hos ein sorenskrivar i hovudstaden Colombo rett før jul. Likevel måtte Herdis reise åleine heim til Norge nokre veker seinare, medan den tamilske ektemannen måtte vere tilbake i Colombo. Først i mars var alle papira i orden, og Sri kunne kjøpe flybillett frå Colombo til Florø.

Sivilombodsmannen

Men advokat Jan M. Birkeland har ikkje lagt vekk saka, sjølv om enden var god.

— Det som har skjedd er så graverande, at vi skal følgje opp like til slutt, seier advokaten. Han har varsla at historia om Herdis og Sri skal på bordet til Sivilombodsmannen.

Og i oktober i år ba den nyoppretta Utlendingsnemnda, som skal vurdere klagesaker, om at UDI såg på saka på ny.

— Men det skjedde først etter at eg vart kontakta av nemnda, og spurt om vi ikkje kunne trekke saka sidan ho hadde enda så godt, fortel advokaten.

Birkeland avviste ønskjet frå Utlendingsnemnda, og no har altså UDI snudd. Dei opphevar vedtaket som gjorde at Sri blei send ut av landet.

Dårleg skjønn

— Alle tabbar og sakshandsamingsfeil til tross, det verste med denne historia er likevel det dårlege skjønnet som blei utvist. Reglane gjev UDI rom til å bruke fornuft, seier Birkeland. Hadde dei gjort det, ville dei spart to menneske for mange plager, samfunnet for store utgifter og seg sjølv for ei pinleg sak.

No kjem advokaten til å krevje erstatning. Og at det vil bli snakk om relativt store summar, levnar ikkje Birkeland særleg tvil om. I utgangspunktet håpar han UDI godtek å dekke kostnadene Herdis og Sri har hatt med saka.

— Gjer dei ikkje det, kjem vi til å gå rettens veg, lovar advokaten.

OVERGREP: – Hadde eg ikkje reist med Sri, villehan aldri komme tilbake til Norge, meiner Herdis Seim. Ekteparet føler at UDIs heilomvending beviser at dei hadde rett heile tida.
FOTO: EGIL AARDAL