EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no Kravet kjem frå Hydro-avdelinga av Norsk Olje— og Petrokjemisk Fagforbund (NOPEF). Det er Oljedirektoratet (OD) si beinharde kritikk av Hydro etter dødsulykka på Oseberg Øst julaftan som har fått dei fagorganiserte til å reagere. NOPEF meiner regelverket ikkje er godt nok kjent blant dei tilsette, og krev å få møte toppleiinga for oljeutvinninga i Hydro for å drøfte saka. - Oppbygginga av prosedyreverket er vanskeleg å få oversikt over. Kompetansen her må hevast på alle nivå i organisasjonen, seier nestleiar Oddvar Karlsen i NOPEF avd. 130 Norsk Hydro. Frist til torsdag Han er overraska over at OD fann så graverande regelbrot under granskinga av dødsulykka julaftan.- Vi registrerer at OD har funne svært mykje gale. Det må vi gjere noko med, seier Karlsen, som reknar med å få møte leiinga med utvinningsdirektør Lars Bjerke i spissen med det aller første.Norsk Hydro har fått frist på seg av OD til i morgon med å gjere greie for korleis dei vil betre sikkerheitsarbeidet på Oseberg Øst-plattforma spesielt og i Nordsjøen generelt. Ber om ministermøte I granskinga etter kranulykka der servicemannen Rune Grønningen omkom, konkluderer OD med at det har oppstått ein ukultur der regelbrot er akseptert og kjennskapen til grunnleggande retningslinjer for trygge kranoperasjonar er dårleg.Mor til den omkomne, Lisbeth Olgadatter Wathne, krev å få møte både olje- og energiminister Olav Akselsen og oljedirektør Gunnar Berge, melder NOPEF Aktuelt. Ho krev at noko radikalt no blir gjort for å betre tryggleiken på sokkelen.