PER MARIFJÆREN

— Kvar av mine klientar vil krevje 100.000 kroner i oppreising. I tillegg vil ein av dei krevje å få erstatta behandlingsutgifter og andre utgifter ho har hatt på til saman 467.792 kroner, opplyser advokaten deira, Anders Folkman.

Det var i fjor at Statens Helsepersonellnemd stadfesta endeleg vedtaket om å fråta den kontroversielle psykologen autorisasjonen, etter at fleire pasientar hadde klaga på den forma for regresjonsterapi og djupnepsykologi som Amundsen praktiserte.

Ei samrøystes nemnd meinte at psykologen hadde utvist grov mangel på fagleg innsikt, og at han var uskikka til å vere psykolog.

Folkman vil venteleg basere mykje av si sak på det omfattande materialet Statens Helsetilsyn har fått på bordet i den langvarige prosessen mot Amundsen. Tre av kvinnene som hadde vonde opplevingar med Amundsens terapiform har også tidlegare stått fram i Bergens Tidende.

Der fortalde dei om konsultasjonar der dei vart tatt tilbake til tidlegare liv som nazist eller heks.

Etter at han mista autorisasjonen i fjor har Amundsen halde fram med regresjonsterapien, og har også blant anna medverka til ein programserie basert på temaet i TVNorge.

Han held foredrag og seminar, og interessa er ifølgje nettsida hans upåklageleg. Denne veka er han på turne på Austlandet med sine foredrag.