— Pengane er ikkje viktig. Eg vil prøva saka prinsipielt, sa Kloster til Kvinnherad kommunestyre i går.

Påstanden om at Kloster har teke ut 7,5 millionar kroner frå oppdrettsgründaren Endre Rundhovde (77) sin konto har fått den 54-årige Ap-politikaren til å politimelda Haugesunds Avis.

Kloster har engasjert bergensadvokaten Trond Hatland til å assistera han i søksmålet mot avisa. Først vil Kloster ha avisredaktøren til å trekkja tilbake det ordføraren meiner er grunnlause påstandar.

Høg toleranseterskel

— Profilerte politikarar må ha mykje høgare toleranseterskel overfor aviser enn folk flest.

Men media må tenkja seg om før det blir sett i gang heksejakt. Sjølv om ein kan tola mykje sjølv, så sit det folk rundt ein som gjerne toler mindre, sa Aksel Kloster til kommunestyret då Bjarne Berge (Tverrpolitisk) spurte om ordføraren hadde vurdert å søkja permisjon inntil påstandane rundt han og Rundhovde var avklarte.

Kloster kom fram til at han ikkje vil søkja permisjon frå ordførarvervet.

— Eg er audmjuk overfor kommunestyret og hadde trekt meg om de bad meg om det. Men eg har ikkje gjort noko gale. Eg har ikkje teke ut pengar frå Endre Rundhovde sine kontoar, eg har ikkje hatt honorære verv i selskapa hans, og har aldri fått godtgjersle for arbeidet, sa Aksel Kloster til kommunestyret før budsjettbeandlinga i går.

- Fungerer bra med meg

Aksel Kloster la slik han hadde varsla fram for kommunestyrerepresentantane eit skriftleg notat om sine engasjement i oppdrettsgründaren Endre Rundhovde sine selskap, om vide fullmakter på Rundhovde sine vegne, og om investeringane i Skånevik.

— Alle har ein aktivitet på fritida si. Min hobby er næringsutvikling. Eg føler at eg har gjort jobben min for Kvinnherad kommune, kveldar og helgar med. Eg har relativt stor arbeidskapasitet og er i ein fase i livet der det fungerer bra med meg. Eg går ut frå at folk på rådhuset vil meina at eg arbeider meir enn det som er forventa av meg, sa Kloster frå talarstolen.

Ikkje mistillit

— Skuldingane mot ordføraren har ført til ein beklageleg situasjon for politikarane, for kommunen. Det er derfor eg oppmoda ordføraren om å vurdera å ta permisjon med løn inntil saka er avklart, sa Bjarne Berge (Tverrpol.).

— Det er ikkje snakk om mistillit. Vi har ikkje høve til å reisa slike forslag i kommunestyret.

Eg har heller aldri reist spørsmål om ordføraren har gjort jobben sin, sa Berge, som fekk partikollega Sølvi Ulvenes med i synspunkta.

Kari Nygård (Ap), Tjerand Lunde (Sp) og rådmann Trond Sætereng meinte det var å gå for langt å be ordføraren om å vurdera permisjon.

— Dersom kommunestyret skulle ha innvendingar mot tillitsverva til ordføraren, var det om dei gjekk ut over jobben hans som ordførar. Det trur eg ingen av oss meiner dei har gjort. No må vi opptre med danning og respekt, sa Nygård.

STÅR STERKT: Ordførar Aksel Kloster sin posisjon i Kvinnherad-politikken er framleis sterk, trass påstandar om oppsiktsvekkjande forretningsmessig aktivitet.</p> FOTO: OVE A OLDERKJÆR