— Delar av oppvekstkomiteen var på studietur i Oslo, og der fekk vi sjå eit Høgrebyråd som hadde sett av 1,4 milliardar kroner til barnehageutbygging, seier gruppeleiar Oddny Miljeteig i SV.

No krev hennar parti, saman med RV, Senterpartiet og Ap, at byrådet i Bergen òg byggjer kommunalt.

— Vi utfordra dei til å setje av 500 millionar kroner dei to neste åra for å få full barnehagedekning ved å byggje kommunale barnehagar, seier ho.

Miljeteig meiner byrådet ikkje kan skulde på at fylkesmannen framleis har bremsen på byens investeringsbudsjett.

— Barnehagane er fullfinansiert frå staten, og då kan eg ikkje forstå at fylkesmannen vil seie nei.