Politiet meiner dei tre står bak innbrotet i ei elektronikkforretning i Stryn natt til 14. desember i fjor, innbrotsforsøk i ei tilsvarande forretning på Eid, tre biltjuveri og diverse andre grove tjuveri. Utbytet av tjuveria var mellom anna mobil— video og elektronikkutstyr verd over 100.000 kroner.

I Fjordane tingrett denne veka har dei nekta eikvar omgang med tjuveria, medan aktor i saka - politiadvokat Bjørn Larsen - tysdag ettermiddag la ned påstand om fengsel i åtte månader for alle tre.

Dramatikken oppstod da dei tre reiste austover i ein stolen Audi, og nekta å stoppe for politiet. I Sjåk la politiet ut ei spikarmatte, men greidde berre å pågripe ein av dei tre da bilen stansa. Dei to andre stal deretter kva sin bil, og vart pågripne i høvesvis Lom og Vågåmo. Da hadde politiet sett inn helikopter i jakta på litauarane.

I retten nekta alle tre for at dei eingong har vore i Stryn eller Eid, og ingen av dei meinte seg straffskuldige. Forsvarar for alle tre er advokat Per Kjetil Stautland, medan dommarfullmektig Ørjan Grønlid har administrert hovudforhandlinga.