Aktor, politiinspektør Gordon Pettersen, meiner at han har tent 25 millionar kroner på den ulovlege handelen, og vil ha dette beløpet inndrege til fordel for statskassa. Påstand om frifinning Forsvararen, advokat Marte Svarstad Brodtkop, argumenterte med svake bevis, og la ned påstand om frifinning før straffesaka vart teken opp til doms i Indre Follo Herredsrett fredag.Påstanden om åtte års fengsel for «Formannen» er identisk med påstanden som politiinspektør Jogeir Nogva la ned for «Sjefen» i Oslo byrett. Den 33-årige Oslo-mannen er rekna som hovedmann for sprittransporten frå Tyskland via Nederland til Våler, medrekna sjølve smuglinga i Ålvik. Retten enda her opp med ein dom på seks års fengsel.«Formannen» er tiltala for å ha distribuert 382.000 liter Ålvik-sprit, 17 av 20 båtlastar. Dessutan er han tiltala for både smugling og distribusjon av 120.000 liter sprit frå Dalby i Sverige over Svinesund. Til saman 502.000 liter.På Svinesund Tollsted arbeidde ein intim ven av ein av «Formannen» sine slektningar. Politet meiner at denne tolltenestemannen (41) har hjelpt smuglarane forbi tollen, men alt skar seg då dei prøve å senda to lastebilar med sprit inn i landet under USA-president Bill Clinton sitt opphald, og alt som heiter politi og tollvesen var i heilspenn.Aktor vil ha tollaren dømt til fire års fengsel for medverking til smugling og utruskap i tenesta.Fire års fengsel er etter aktor si meining passeleg straff også for ein av «Formannen» sine næraste medarbeidarar. Her er inndragingsbeløpet sett til 400.000 kroner. Advokat Marte Svarstad Brodtkop tok avstand frå ei så skeiv fordeling på inndragingsbeløpa. I Oslo byrett vart summane fordelt ut frå kor delaktige dei trudde ulike aktørar hadde vore.Forsvararen avviste bestemt at «Formannen» hadde kvitvaska pengar ved å kjøpa opp vinnarbongar på Bjerke Travbane. Han hadde rett og slett litt flaks. Det forklarar kvifor han fine bilar, hus og hytte i nabolaget til multimilionærar, meinte ho.Den kvinnelege lastebilsjåføren som la alle kort på bordet, og dermed felte dei andre, bør etter aktor si meining dømast til fengsel i tre år og seks månader, og tola inndraging av dei 530.000 kronene ho fekk i betaling for å køyra fire billastar via Svinesund. Ho er ikkje mistenkt i samband med Ålvik-saka.