Vald og trugsmål ved Nav-kontor aukar stadig, trass i rapportar og tiltak for å betre tryggleiken.

- Det vi opplever no er så krevjande at vi krev noko meir, for vi ser at tiltaka som er sette i verk er ikkje gode nok til å takle dei farlegaste brukarane, seier fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

I byrjinga av mai sendte Bogsnes eit brev til Bergen kommune der ho legg fram bekymringar og tydelege krav frå tillitsvalde og hovudverneombod.

Bogsnes ber her om at Bergen kommune skal etablere eit eige tilbod til dei farlege brukarane, slik at dei blir handtert utanfor dei etablerte Nav-kontora.

- Desse brukarane har behov for krevjande og samansette tenester, og treng eit betre tilbod enn dei får i dag. Det er inkonsekvent at dei brukarane som er utestengde frå spesialoppfølging på grunn av si truande åtferd blir sendt inn på Nav-kontoret der dei utgjer ein risiko for både tilsette og andre brukarar, seier Bogsnes.

Kommunalt ansvar

Fram til i fjor haust tok den kommunale tenesta Ambulant brukarstyrt team (ABT) seg av dei mest krevjande og utagerande brukarane.

- Då kommunen la ned dette tilbodet i fjor haust merka vi ein tydeleg auke i talet på tilspissa situasjonar ved Nav-kontora. Dette råkar ikkje berre dei tilsette, som må handtere denne belastinga over tid, men også gravide, eldre og alle andre brukarar ved Nav, seier statleg hovudverneombod i Nav Hordaland, Signe Hoprekstad.

- Dei som var brukarar av ABT er i hovudsak mottakarar av kommunale og ikkje statlege tenester. Dermed er desse brukarane først og fremst kommunen sitt ansvar, og vi krev no at kommunen må ta hand om dei som dei har ansvar for, seier Hoprekstad.

Avviser eige kontor

Kommunaldirektør ved Byrådsavdeling for sosial, bustad og områdesatsing, Magne Ervik avviser at det er aktuelt å opprette eit eige kommunalt kontor for dei mest krevjande brukarane av Nav.

- Eg kan ikkje sjå at dette er ei mogeleg løysing. Det er heller ikkje eit tilrådd tiltak i ein fersk rapport frå ei arbeidsgruppe som har vurdert tryggleiken ved Nav-kontora i Hordaland. Vi har ei rekkje tiltak som kan sikre dei tilsette på Nav-kontora og vi jobbar heile tida for å betre tryggleiken, seier Ervik.

- Vi kjem til å arbeide mykje med dette framover, i tett samarbeid med Nav. Det aller viktigaste tiltaket for å sikre dei tilsette er likevel å kjenne brukarane godt og tilpasse tilbodet åtferda deira. Det avgjerande er at alle løysingar må kome i partnarskapet i Nav, der vi deler på ansvaret for tiltaka og utgiftene som følgjer av desse, seier kommunaldirektøren.

Utilstrekkelege tiltak

Ervik understrekar at Nav allereie i dag kan nekte personar med valdeleg og truande åtferd fysisk tilgang til eit Nav-kontor. Hoprekstad er ikkje imponert.

- Å stenge ute enkeltbrukarar frå Nav-kontora er ikkje nok. Skal eksisterande Nav-kontor utrustast for å handtere risikobrukarane på ein forsvarleg måte vil det krevje betydelege ressursar. Det gjeld både personell, kompetanse og fysiske forhold ved kontora, seier Hoprekstad.

- Alle skal ha tilgang på tenester frå Nav, men ikkje alle må vere på Nav-kontora. Å få tenester utanfor Nav-kontora ville vere det beste for dei aktuelle brukarane, tilsette ved Nav-kontora samt andre brukarar av Nav, seier hovudverneombodet.