Dei fire fagforeininga går dermed mot linja den største fagorganisasjonen ved verket, Høyanger Kjemiske, har lagt seg på. Kjemisk har vore ein pådrivar for at den canadiske selskapet Timminco skal få kjøpe aluminiumverket av Norsk Hydro. Også kommunen støttar sal.

— Vi kan ikkje sjå at dette vil splitte Høyanger-samfunnet. Det vi gjer er å gje uttrykk for oppfatningar som alt eksisterer. Det bør kome fram at det er andre syn på sal av verket, seier Lissen Gundersen, ein av dei fire fagforeiningsleiarane.

Brev til Hydro

Dei fire foreiningane som no går ope ut mot sal av verket, er LO-foreininga Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT), ingeniørforeiningane NITO og TEKNA og merkantilforeininga Foreining for administrative, leiande og tekniske stillingar (ALT). Dei fire foreiningane representerer ein fjerdedel av dei 261 tilsette ved aluminiumverket.

Fagforeiningane har gjort kjent sitt syn i eit brev til aluminiumdirektør Truls Gautesen og generaldirektør Eivind Reiten. Dette skjedde etter at foreiningane for ei tid sidan hadde eit møte med Gautesen. Etter det Bergens Tidende kjenner til skal aluminiumsjefen der ha gitt uttrykk for at det er nærare eit sal av verket no enn før.

Det er det canadiske selskapet Timminco som forhandlar med Hydro om å overta hjørnesteinverksemda. Timminco eig frå før ein fjerdedel av bilfelgfabrikken Fundo i Høyanger. Dei har opsjon på å overta aksjane til Høyanger kommune, og dermed få full kontroll over felgfabrikken. Ved å overta verket vil dei også få kontroll over råstoffproduksjonen til Fundo.

Må låne kvar øre

Dei fire lokale fagforeiningsleiarane, Oddvin Hovland (FLT), Jan Atterås (NITO), Tor S. Halvorsen (TEKNA) og Lissen Gundersen (ALT) meiner Timminco rett og slett er for svake til å drive ein aluminiumfabrikk. Selskapet har verken den økonomiske ryggrada som Hydro har, eller den råvare-, ressurs-, energi- og marknadstilgang som er nødvendig for å drive.

— Resultata Timminco har hatt siste tida gjer at vi er skeptiske til at dei skal ta over. Heller ikkje eigenkapitalbasen deira verkar solid. Vi forstår det slik at dei vil låne heile summen som må til for å få overta, seier FLT-leiar Oddvin Hovland. Fagforeiningane fryktar at heile metallverket kan bli sett i pant, og ende som eit plukklager for utanlandske bankar.

— Når dei økonomiske utsiktene er dårlege i selskapet som vil ta over, er kanskje ikkje det dei lystelegaste utsiktene, seier Jan Atterås, leiar for dei NITO-organiserte på verket.

Tvilar på utvidingsplanar

Dei er også skeptiske til utvidingsplanane Timminco har lansert, ikkje minst med bakgrunn i den finansielle situasjonen til selskapet. Canadiarane har sagt at dei vil utvide produksjonen i dagens A-hall.

— Vi tvilar på desse planane, og fryktar at Timminco først og fremst vil drive verket som ein råvareleverandør til Fundo, seier Tor S. Halvorsen i TEKNA.

Dei lokale forbundsleiarane meiner Høyanger kommune i staden for å akseptere at Timminco overtek metallverket, bør leite etter ein meir solid eigar av Fundo enn Timminco. Dei seier dei også vil arbeide vidare for å få Hydro til å utvide produksjonen av aluminium.

— Men er dette realistisk. Hydro har vore klokkeklare på at dei ikkje vil modernisere?

— Hydro har tent og tener framleis gode pengar i Høyanger. Dei har eit ansvar overfor lokalsamfunnet, eit samfunnsansvar dei også erkjenner.

Gode avtaler

Nye kraftavtalar som er inngått, gjer dessutan utviding økonomisk gunstigare enn då Hydro la vekk moderniseringsprosjektet i 2003. Fagforeiningane viser til at Søral på Husnes nyleg har inngått nye kontraktar med svenske Vattenfall om kraftleveransar for 19-20 øre kilowattimen. Då Hydro rekna på modernisering, la dei straumprisen på 21 øre. I tillegg står Hydro sterkare økonomisk no enn for to år sidan.

— Vi engasjerer oss fordi vi ønskjer å drive verdiskaping for Hydro og det norske samfunnet også i framtida. Dette er eit samfunn som har høg kompetanse på å produsere aluminium, understrekar dei fire fagforeiningsleiarane.

Fagforeiningsleiarane meiner det også er interessant at toppleiarar frå Karmøy ivrar mest for sal, medan andre i Hydros aluminiumorganisasjon har planar om å drive Hydro Høyanger i 15-20 år framover.