• Det er urimeleg å straffe innbyggjarane i Austevoll økonomisk fordi det er gjort ein rapporteringsfeil, meiner stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (Frp).

Hagesæter ber kommunalminister Erna Solberg gje austevollingane amnesti for det ulukksalege mistaket.

BT skreiv i går at Austevoll tapar 3,3 millionar fordi det var klussa med dokumentasjonen i samband med talet på psykisk utviklingshemma i kommunen. Sjølv om feilen er retta opp, vil ikkje Kommunaldepartementet utbetale meir enn halvparten av dei 6,6 millionar kronene som Austevoll fekk for lite i statstilskot.

— Var situasjonen den motsette, at direktoratet ved ein feil hadde gitt Austevoll for mykje pengar, hadde statsråden neppe nølt med å rette opp fadesen, meiner Hagesæter.

Austevoll kommune sende i går brev til fylkesmannen i Hordaland med bøn om å få ut «straffemillionane». Av brevet går det fram at den kostbare feilen kokar ned til at ein vernepleiar, og ikkje ein lege, underteikna ei namneliste i eit register. Då departementet varsla kommunane om tildelinga, vart brevet berre arkivert, utan at nokon tok seg tid til å studere nøye dei mange tabellane. Først då pengane ikkje dukka opp, gjekk alarmen.