Klarar derimot bydelsleiar Arvid Blommedal å overbevise representantane om at alt er i skjønnaste orden, blir det fleirtal for å innføre bokmål som hovedmål ved Kyrkjekrinsen og Hordvik skular.

Det viser ringerunden BT har utført til politikarar i bydelsstyret i Åsane. Til saman ni representantar frå Frp, Ap, Høgre og RV kjem til å stemme for bokmål — dersom det blir dokumentert at alt har gått rett for seg under den rådgjevande skulemålsrøystinga 16. juni.

Éi stemme skilde

Då vart det knapt fleirtal for bokmål. Ved Kyrkjekrinsen skilde berre éi stemme. I ettertid har kring tretti foreldre og andre i Åsane krevd at røystinga blir kjend ugyldig på grunn av formelle feil.

Det same gjer SV.

— Så lenge foreldre har sendt klage, må vi leggje oss flate for det. Vi har to val: Antan kjenne valet ugyldig, eller la denne språkavstemminga avgå stille og roleg ved døden, seier bydelstyrerepresentant for SV, Henning Trellevik.

Etter så mykje støy i forkant, er Trellevik overraska over den låge valdeltakinga, særleg ved Kyrkjekrinsen.

— 25 prosent er syltynt, og ikkje mykje å gå på. Det verkar som om nokre få har laga mykje støy. Det grensar rett og slett til offentleg sløsing, når responsen frå foreldra er så liten, meiner Trellevik.

Venstres Berit Jacobsen kjem til å fremje forslag om at saka blir utsett.

— Fordi det er reist tvil om at avstemminga har føregått på riktig måte. Men eit så lite fleirtal er ikkje nok til å endre hovedmålet, etter mi meining.

Berre KrFs Harald Myklebust heldt korta tett til brystet fram til bydelsstyremøtet i dag.

— Men KrF vil ha alle kort på bordet først. Vi krev dokumentasjon på at alt har gått riktig føre seg, seier Myklebust.