Måndag skreiv Bergens Tidende om Helse Fonna sine planar for å omstrukturera psykiatritilbodet til barn og unge i Sunnhordland. Ei styringsgruppe vil samla all døgnbehandling for barn og unge i Haugesund.

Dermed vil barn og unge frå Odda, Ullensvang, Kvinnherad, Stord, Bømlo, Fitjar og Tysnes, som soknar til BUP Stord/Kvinnherad, kun få dagbehandling på poliklinikk på Stord.

Treng dei observasjon heile døgeret, må det isåfall skje i Haugesund. Plan for psykisk helsevern 2012-2020 skal handsamast av styret i Helse Fonna 21. juni.

— Minimal kontakt

Ordførar Liv Kari Eskeland (H) på Stord reagerer på at kommunen ikkje er blitt høyrt i saka.

— Prosjektgruppa synest å ha hatt svært stram tidsramme. Kommunen har ikkje vore kontakta administrativt eller politisk, skriv ordføraren i eit brev til styreleiar Kjell Arvid Svendsen i Helse Fonna.

Eskeland peikar på at styringsgruppa, som har arbeidd med planen, synest å ha hatt minimal kontakt med kommunale helse- og omsorgstenester.

"Psykisk helsevern og rusbehandling er fagområde som er svært avhengige av samhandling med desse tenestene. Strategiar og omleggingar må følgjast av tiltak i kommuane, samstundes som det er trongen i kommunane som må vera med å påvirka utviklinga i Føretaket", heiter det i brevet.

- Får ringverknader

Ordføraren på Stord forventer at kommunane no får høve til å koma med innspel, før planen vert endeleg handsama i styret.

— Større omstruktueringar får ringverknader ute i kommunane, og i slike prosessar bør desse høyrast i tidleg fase, skriv ho.

Også Brukarrådet ved Folgefonn DPS har skrive brev til styret i Helse Fonna, kor dei peiker på at dei heller ikkje har fått planen på høyring.

Konstituert administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, sa til BT måndag at dei har hatt ei brei involvering av tilsette i helseføretaket og representantar frå kommunehelsetenesta i fleire kommunar i planprosessen.

NABO TIL SYKEHUS: BUP Stord ligg like ved Stord sjukehus og Stord DPS. No kan døgntilbodet til barn og unge bli flytta til Haugesund.
Lena Vermedal