Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i Statens forureiningstilsyn (SFT) fortalde i NRK i går at den pågåande politietterforskinga har avdekt at Vest Tank i Gulen prøvde å lure styresmaktene. Bedrifta skal ha handtert giftig svovelavfall i tankane som eksploderte, utan å ha løyve til det.

— Vi spurte jo eksplisitt om dette, og fekk då eit svar frå bedrifta som altså no viser seg å vere feil. Det ser ut som om bedrifta har forsøkt å lure styresmaktene her, seier Bjørnstad til NRK.

Dei nye opplysningane bør få følgjer, meiner Bellona-leiar Frederic Hauge.

— Dette er grov miljøkriminalitet. Både styret og leiinga i selskapet har eit stort ansvar i denne saka, seier Hauge.

I styret for det no avvikla selskapet Vest Tank sat blant andre eigar Trond Emblem, styremedlem Kjell Opseth og dagleg leiar Jostein Berland då dei to avfallstankane eksploderte i Sløvåg 24. mai i fjor.

Vurderer å straffeforfølge

Økokrim har tidlegare gjennomført razzia hjå Alexela Sløvåg, selskapet dei ser som ei rein vidareføring av Vest Tank. Politiadvokat Tarjei Istad i Økokrim seier at spørsmålet om påtale i saka blir avgjort tidlegast til hausten.

— Det er firmaet Alexela Sløvåg som er sikta i saka. Dette er same selskapet som Vest Tank, men med nye eigarar. Vi kjem til å vurdere om det er personar i tilknyting til dette som skal straffeforfølgast, seier Istad og viser til at siktinga blant anna går ut på at selskapet har tatt imot og prosessert andre stoff enn dei hadde løyve til.

Ordførar Trude Brosvik i Gulen seier til Bergens Tidende at ho ikkje er overraska over at opplysningane frå selskapet ikkje stemte.

— Kommunen har ikkje hatt full tillit til at det berre var vaskevatn på tankane. Så det er synd å seie at vi er særleg overraska. Saka er berre trist, og vi kjenner oss utrygge på dette, seier ho.

Uansett er ho glad for at dei har fått ein sikker tidsplan for når dei siste 400 tonna med giftig avfall skal bli fjerna frå Sløvåg. Det skjer seinast innan utgangen av juni.

- Styret korrigerte ikkje

Bellona-leiaren er særleg opprørt over at dei ansvarlege først skal ha gjeve opplysningar som ikkje stemde om innhaldet i tankane, og at dei i ettertid har kunna sjå på konsekvensane ulykka fekk - utan å bidra til at den eigentlege sanninga kom fram.

— Her må politi og statsadvokat vurdere å tiltale både den daglege leiinga og styret. Det er ille at styret ikkje har evna å korrigere dei urette opplysningane i ettertid. For alt vi veit, kan dei ha medverka til å setje folk si helse i fare, seier Hauge.

Ifølgje Statens forureiningstilsyn (SFT) tok Vest Tank imot giftig, svovelhaldig avfall utan løyve, og dreiv nøytralisering av desse stoffa.

- Fengselsdommar

Hauge vonar at påtalemakta plasserer ein rettmessig del av ansvaret på styret i selskapet.

— Ei så alvorleg sak må jo resultere i fengselsdommar for dei ansvarlege. Påtalemakta må også syte for at desse folka aldri får lov til å drive med handsaming av spesialavfall.

Hauge meiner også at saka bør få konsekvensar for SFT.

— Det er openbert at SFT har stolt altfor lenge på det selskapet fortalde, seier han.

15. juni skal kommunelegen i Gulen levere sin rapport om helsekonsekvensane av saka. Avdelingsdirektør Jan Alexander i Folkehelseinstituttet vil ikkje seie at vurderingane av helsefaren er endra etter dei nye opplysningane.

— Vi kan ikkje seie at helsefaren i området er større enn først antatt, seier Alexander.