— I dag sender eg brev til samferdsleministeren. Der krev eg at Hardangerbrua må nå fram til Stortinget snarast, og i god tid før Stortinget tek sommarferie. Det er dette Stortinget som har bede om å få handsama brua, og då må vi og få saka på bordet, seier Frps samferdslepolitiske talsmann, Kenneth Svendsen, til Bergens Tidende.

Vegdirektoratet sende før helga Hardangerbrua over til Samferdsledepartementet, som skal gje tilråding til Stortinget. Men før statsråd Torild Skogsholm kan gje tilråding, må Statens vegvesen sine kostnadstal for brua kontrollerast av eit kvalifisert selskap som er uavhengig både av staten og Statens vegvesen, såkalla ekstern kontroll.

- Vi rekk det ikkje

— Med ein slik kontroll, rekk vi nok ikkje å handsama brua før sommarferien. Hugs at dette er ei svært komplisert sak. Ho skal ikkje berre til samferdslekomiteen. Truleg må ho og til handsaming i alle partigruppene på Stortinget. Så vert det nok det nye Stortinget etter valet som får saka, seier KrFs talsmann, Odd Holten.

— Kan Stortinget handsama Hardangerbrua samstundes som den eksterne kontrollen pågår?

— Nei, det er utenkjeleg. Den eksterne kontrollen er grunnlaget for samferdsleministeren si tilråding til Stortinget, seier Odd Holten.

— Det må vera mogleg å få dette unna før til dømes 1. juni. Går det, så skal det ikkje stå på Framstegspartiet for å få saka handsama ferdig, seier Kenneth Svendsen.

Hovudet på blokka

I Hordaland reagerer Arbeiderpartiets Anne-Grete Strøm-Erichsen sterkt på nyhende om at Hardangerbrua kjem seinare enn lova.

— Dei la hovudet på blokka, alle frå Stortinget som lova snarleg handsaming av brua på folkemøtet i Eidfjord for nokre veker sidan. Men dei må då ha visst kva som var att å gjera med denne saka, seier Strøm-Erichsen.

Terje Søviknes, ordførar i Os og medlem i fylkestinget, seier til BT at fylkesutvalet heilt sikkert kjem til å gje ein uttale om Hardangerbru-saka på møtet som skal haldast i neste veke.