Det blei klart då den omfattande rettssaka mellom kommunen og entreprenøren blei avslutta denne veka. Selmer har på si side sett fram krav om at Flora kommune betaler ut 1,8 millionar kroner. Dette er pengar kommunen har halde tilbake i sluttoppgjer for det rustne badeanlegget.

Det er ei svært omfattande rettssak som no er tatt opp til doms. Saka tok til for Sunnfjord tingrett 23. mai, og har altså vart i nær fire veker.

Badeanlegget Havhesten i Florø opna hausten 2000. Då hadde florøværingane venta i 30 år på symjebassenget sitt. 50 millionar kroner kosta bygget, av mange karakterisert som ei arkitektonisk perle. Men alt opningsdagen var det klart at noko var riv ruskande gale med perla. Alt då var det nemleg godt synleg rust i anlegget. Seinare har det blitt meir rust, lekkasjar, treverk som flassar, gips som smuldrar og fliser som losnar.

Havhesten er eit saltvassanlegg, og saltvatnet som blir pumpa frå sjøen og inn i bassenga tærer opp det meste. I vinter blei Havhesten stengt. Kommunen har løyvd 12,5 millionar kroner til rehabilitering, men dei aller fleste trur det kan koste mykje meir. Badeanlegget opnar tidlegast til hausten.

Striden står om kven som har ansvaret for fadesen. Kommunen skuldar på hovudentreprenøren. Mellom anna presenterte kommunen under siste dag av rettssaka prøver som dei meiner viser at Selmer Skanska har lagt for tynn membran mellom fliser og betong i bassenga. I følgje Firdaposten skulle membranen vore to millimeter tjukk. Prøvene viser at den berre er ein millimeter.

Selmer Skanska skuldar på feil prosjektering, og plasserer ansvaret hos arkitektfirmaet og kommunen. Selmer-advokat Svein-Dag Karlstad la i sin prosedyre vekt på at Flora kommune valde eit arkitektfirma utan erfaring med symjehallar. I tillegg har Selmer lagt fram dokumentasjon for å påvise at kommunen ikkje tok omsyn til rapportar som rådde frå å byggje anlegg med saltvatn.