I tillegg må 35-åringen betale 50.000 kroner i oppreising til ein politibetjent i Stryn og tole 600.000 kroner i inndragning av narkoforteneste, krev statsadvokat Bjørn Kristian Soknes.

Dette er det samla straffekravet som statsadvokat Bjørn Soknes la ned i den store amfetaminsaka som har gått denne veka i Fjordane tingrett.

Les også: Tiltale basert på plastposar

Aktors konklusjon fredag kjem etter ei dramatisk erkjenning rundt kva som faktisk kan bevisast i saka. Tiltalen gjekk opphaveleg på åtte kilo innkjøpt, seks kilo vidareseld.

No konkluderer aktor med minst 3,5 innkjøpt og 1,5 kilo seld ut.

Soknes erkjente rett ut i si prosedyre at det ikkje finst gode nok prov til å dømme den amfetamin-tiltalte 35-åringen frå Stryn for å ha kjøpt inn åtte kilo amfetamin og seld vidare seks av dei.

Problemet er det såkalla lynlås-provet, sa Soknes.

– Etter forklaringa frå bokhandlaren i Stryn er det klart at vi ikkje kan prove godt nok at tiltalte og krinsen rundt han kjøpte over 5000 lynlåsposar.

Dermed har pose-provet verka stikk mot det påtalemakta la opp til: I staden for å heve kvantumet, er det blitt ein dempande faktor i bevisføringa mot 35-åringen.

-— Vi klarer knapt å prove at han har brukt fleire lynlåsposar enn til det kvantuet han har tilstått, sa Soknes.

Tiltalen går på innkjøp og eige av åtte kilo amfetamin og vidaresal av seks kilo.

No meiner Soknes at 35-åringen ikkje kan dømmast for meir enn < >.

Bevistema i saka har vore kvantumet avfetamin 35-åringen har handtert, og korvidt hans 55-årige mor mor kan dømast for medverknad.

— Kvantum er svært veldig avgjerande for straffenivået i slike saker, sa Soknes.

Alt over tre kilom amfetamin er rekna som < > kvantum i strafferettsleg forstand, og har ei strafferamme på 21 års fengsel.