• Gjev oss 5 milliardar kroner til Kyststamvegen, så skal vi greia 4,7 milliardar kroner sjølve.

JOHN LINDEBOTTEN

Dette tilbodet vonar Vestlandsrådet at Stortinget ikkje kan seia nei til. Men 5 milliardar er 1,5 milliardar kroner meir enn regjeringa spanderer i Stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2006-2015, som kom ut i midt i mars.

Dei fire vestlandsfylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, satsar likevel på at eit samla press frå landets mest produktive og eksportsterke region vil gjera inntrykk på Stortinget.

I byte for dei 5 milliardane vil Vestlandet lova å slå til med nesten same summen, 4,7 milliardar, i bompengar. 1,7 milliardar av dette vil falla på Hordaland, medan rogalendingane må ut med heile 2,2 milliardar i bompengar frå 2006 til 2015, om alt dette slår til.

Vedtak i Stavanger

I vinter har ei prosjektgruppe nedsett av Vestlandsrådet, og med Thorbjørn Aarethun frå Hordaland fylkeskommune som leiar, arbeidd med å sy saman ein samla finansieringspakke for Kyststamvegen, E39, gjennom dei fire fylka på Vestlandet. Resultatet er ei nokså detaljert opprekning av veganlegg som Thorbjørn Aarethun meiner det er realistisk å få gjennomført.

Vestlandsrådet, med samansetnad frå dei fire fylkesutvala, skal drøfta og ta stilling til denne samla pakken på møte i Stavanger 31. mars. Drøftingane som har pågått i rådet så langt når det gjeld vegsaker, tyder på at vedtaket vil liggja svært nært opptil innhaldet i det som prosjektgruppa legg fram.

Nyborgtunnelen

Ettersom Vestlandsrådet legg opp til ei mykje sterkare satsing på Kyststamvegen enn regjeringa, er nokre veganlegg dregne framover i tid:

  • I Hordaland satsar rådet på at vegen mellom Svegatjørn i Os og Rådal i Bergen (1900 millionar, 50 prosent bompengar) kan startast så snart planane er klare, i 2008, i staden for 2010, slik regjeringa vil.
  • Eikåstunnelen (100 millionar) vert fullført i 2006-2009, i staden for å venta til etter 2010.
  • Nyborgtunnelen (1080 millionar, 18.5 prosent bompengar) frå Gullgruven til Nordhordlandsbrua er ikkje nemnt i NTP. Vestlandsrådet vil ha start på tunnelen før 2015.
  • Fjøsanger-Danmarks plass (800 millionar, 60 prosent bompengar) er ikkje med i NTP. Vestlandsrådet vil ha start på tunnelen før 2015.
  • Rogfast, den 24 km. lange tunnelen under Boknafjorden (3500 millionar, 50 prosent bompengar) er ikkje med i NTP. Vestlandsrådet vil ha start på tunnelen før 2009.

Ei god sak

Så spørst det kor mykje av dette Vestlandet får Stortinget med seg på. Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, som i denne perioden er leiar for Vestlandsrådet, trur dei har ei god sak.

— Vi har vore gjennom mykje av dette før, og det er brei semje på Vestlandet. Det vedtaket om Kyststamvegen som vi gjer 31. mars vil vi ta med oss til møte med Stortingets samferdslekomité 3. mai. Der vil kvart fylke tala for sin del av dette, slik at opplegget vert presentert som eit samla opplegg for Vestlandet, og eg reknar med at det vil verta lagt merke til, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg.

Bindingar etter 2015

Fleire av dei største veganlegga, som Rogfast, Fjøsanger-Danmarks plass og Nyborgtunnelen, vil gje økonomiske bindingar forbi 2015, altså eit godt stykke inn i neste transportplanperiode. Då er det og venta at brua Stord-Tysnes og ny veg til Våge vert teken inn i varmen. Der reknar vegplanleggjarane med 50 prosent bompengar.

For dei vegprosjekta som er nemnde i Vestlandsrådets finansieringspakke, vil vel 3600 millionar kroner vera bompengar frå Hordaland.