I 2005 vann NCC Road AS ei femårig kontrakt på vedlikehald av 727 kilometer riks— og fylkesvegar i kommunane Bergen, Os, Osterøy og Austevoll.

No meiner selskapet at vegane dei overtok ansvaret for, var i så elendig forfatning at det var trong for langt meir innsats enn berre normalt vedlikehald.

Ikkje nok med vedlikehald

NCC Road AS har tatt ut stemning mot Vegdirektoratet og Hordaland fylkeskommune, og krev 25 millionar kroner i erstatning for det dei meiner er ekstrautgifter som følgje av misvisande opplysningar i anbodsgrunnlaget.

– Vi meiner anbodsgrunnlaget ikkje gav eit korrekt inntrykk av tilstanden på det vegnettet NCC Road overtok drift og vedlikehald av. Etterslepet på vedlikehald var langt større enn opplyst, seier selskapets advokat, Nils Henrik Pettersson.

Ifølgje Pettersson var blant anna kummar, avløp, sandfang og overgrodd vegetasjon i ein heilt annan tilstand enn opplysningane skulle tilseie.

– Det har vore nødvendig å ta igjen og oppgradere svært mykje før min klient i det heile kunne ta til med å utføre det som ligg i kontrakten, nemleg normalt vedlikehald, seier advokaten.

Fleire saker på gang

Han viser til at avtalen mellom det private selskapet og dei offentlege vegeigarane var ei nyordning.

– Fram til rundt tusenårsskiftet var det jo staten sjølv, gjennom Statens vegvesen, som utførte den typen arbeid som kontrakten omhandlar. Med den politiske avgjerda om å konkurranseutsetje dette, fekk vi ein ny situasjon, seier Pettersson. – Når ein skal setje ein pris på dette arbeidet, er det klart at tilstanden på vegane ein overtek, er sentral. Her meiner vi at motparten har gjeve misvisande opplysningar.

Ifølgje Pettersson er liknande saker under oppsegling også andre stader i landet, men ingen er rettskraftig avgjort.

– Vi veit at dette er aktuelle tema ei rekke andre stader i landet, seier han.

– Usamde i kravet

Både staten ved Vegdirektoratet og Hordaland fylkeskommune er saksøkt.

– Kontrakten er spesiell på den måten at den gjeld vedlikehald av både riksvegar og fylkesvegar, seier advokat Svein Aage Valen, som representerer Hordaland fylkeskommune. – Vi registrerer at det ikkje er lagt ned nokon eigen påstand mot fylkeskommunen, berre eit samla krav der det ikkje er konkretisert kva som relaterer seg til riksvegane og kva som går på fylkesvegdelen.

Ifølgje Valen er det Statens vegvesen som har forvalta kontrakten der fylkeskommunen altså er part.

– Det er såleis staten ved regjeringsadvokaten som skal kjøre denne saka. Men som vegeigar har også fylkeskommunen eit finansielt ansvar her, seier han.