Nogva underslo ikkje at det finst fleire lause trådar i saka, men meiner at bevisa er meir enn sterke nok til å dømme tiltalte for forsettleg drap og valdtektsforsøk.

Trumfkortet

I si prosedyre gjekk Nogva inn på alle sider av saka som har vore tema for bevisføringa den veka saka har pågått.

Konklusjonen hans er at ingenting tilseier at tiltalte ikkje kan stå bak, medan mykje av omstenda i saka tilseier at det er tiltalte som har gjort udåden.

På toppen av dette kjem sjølve trumfkortet — funnet av tiltaltes DNA på huda under offerets anorakk, gensar og BH. Etter Nogva si oppfatning peikar dette tvillaust i retning av eit seksuelt motiv.

Skulle ha utløp

— Det er ingen som helst tvil om at desse DNA-funna bygger opp under ein kamp som er seksuelt motivert, også sett opp mot dei andre funna på åstaden, sa Nogva.

Nogva konkluderte med at det må utmålast ei lang fengselstraff, på mellom 15 og 18 år.

— 22 år gamle Anne Slåtten vart utsett for ei totalt unødvendig, meiningslaus og grusom handling, berre fordi tiltalte skulle ha utløp for si seksuelle drift der og da, sa Nogva.

— Ho vart eit tilfeldig offer.