Fjord1 hadde frå 2007 kontrakt med Flora kommune om å drive dei lokale båtrutene i Florabassenget. Men avtalen vart ikkje forlenga slik intensjonen var, ettersom fylkeskommunen frå i vår av la desse rutene ut på anbod.

No krev Fjord1 å få erstatta eit salstap på mellom 9,3 og 15,9 millionar kroner for dei to båtane som fram til mai i år gjekk i lokalrutene.

Tosifra millionbeløp

— Vi har ein avtale som regulerer kva som skal skje dersom desse rutene gjekk ut på anbod, noko som faktisk skjedde, seier kommersiell direktør Hallgeir Kleppe i Fjord1.

— Avtalen regulerer mellom anna spørsmålet om salstap som vi no tek opp. Ut over dette ønskjer eg ikkje å kommentere saka.

Men Bergens Tidende er kjent med at Fjord1 meiner det samla salstapet for fartøya MS «Fjordglytt» og MS «Tansøy» ligg ein stad mellom 9,3 og 15,9 millionar kroner. I tillegg til dette kjem utgifter til opplag og avvikling av dei to fartøya.

Vil ikkje møte Fjord1

I eit felles svar frå rådmann Terje Heggheim i Flora kommune og fylkesrådmann Tore Eriksen blir kravet kontant avvist. Dei viser til tidlegare møte og kommunikasjon om saka, og ser ikkje grunn til å ha ytterlegare møte.

— Ettersom ingen av dei to båtane er selde, er det etter vår vurdering ikkje grunnlag for å tinge om kompensasjon til Fjord1...det ligg ikkje føre noko salstap, heiter det i svaret frå dei to rådmennene.

Logikken

Dei to viser til at både MS «Fjordglytt» og MS «Tansøy» framleis er i drift i fylkeskommunale ruter. Førstnemnde attpåtil i dagens ruter i Florabassenget, eit anbod Fjord1 faktisk vann framfor konkurrenten Tide Sjø. MS «Tansøy» skal etter planen inn i fast rute på Sognefjorden frå kommande nyttår.

Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Velaug Veum, stiller seg fullt og heilt bak svaret frå Eriksen og Heggheim.

— Her har ikkje vore noko sal av dei to båtane, og følgjeleg heller ikkje noko salstap for Fjord1. Eg veit ikkje korleis dei tenkjer, men det er no i alle fall min logikk, seier Veum.