Saka mot 42-åringen vart avslutta i går. Sjølv nektar mannen for all skuld, og forsvarar Kaj Wigum la ned påstand om full frifinning.

I retten forklarte ei kvinne i 30-åra korleis ho med naud og neppe greidde å springe unna mannen og berge seg inn i ein drosje etter at han hadde lagt henne i bakken og rive av henne kleda inne i det mørke smauet.

I tillegg til fengselsstraff kravde aktor også at 42-åringen må betale inntil 100.000 kroner i erstatning til kvinna.