Dei siste dagane har det vore ei rekkje ras både i Hordaland og Sogn og Fjordane. I går gjekk det minst 13 ras som stengte vegar heilt eller delvis Hordaland. Mange blei ståande i kø på E16 mellom Bergen og Voss på grunn av snømassane. Også i dag blei mange bilistar møtt av snødynger i vegbana, mellom anna nær Oppedal ferjekai på E39.

— Dei mange rasa som har gått på Vestlandet dei siste dagane understrekar behovet for auka satsing på rassikring, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

I dag vedtok eit samrøystes Fylkesting ei fråsegn som vert sendt til statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Fylkestinget krev at løyvinga til rassikring på statsbudsjettet for 2011 må vere på minst ein milliard kroner. Samanlikna med 2010-løyvinga tyder det ein auke på 150 millionar kroner.

- Akutt situasjon

  • Det rasar ut medan regjeringa sit i forhandlingar om statsbudsjettet til neste år. Det er viktig at dei får ei påminning om kor viktig dette er, seier Selsvold Nyborg.

Førebels har det ikkje gått liv tapt i fylket, men tysdag omkom ein mann etter ras i Rogaland.

— Innbyggjarane føler seg utrygge. Dei som bur på rasutsette strekkjer reiser med livet som innsats kvar dag, seier fylkesordføraren.

— Det er berre tilfeldig at rashendingane ikkje i større grad går ut over liv og helse til dei som ferdast på vegnettet vårt. Denne tilfeldige risikoen for liv og helse kan aldri aksepterast, meiner ho.

Stengde vegsamband skaper også ein svært vanskeleg situasjon for trafikantar og næringsliv, påpeikar Fylkestinget.

Har prioriteringslista klar

I Nasjonal Transportplan er det lagt opp til at løyvingane til rassikring skal vere på ein milliard i året. I fjor vart ikkje dette følgt opp, og Fylkestinget presser no på for at dette må realiserast i 2011.

I samarbeid med Statens vegvesen har Fylkestinget lagt ein plan for dei mest rasutsette stroka som skal prioriterast først. Dette er hovudsakleg vegar i Hardanger. Les meir her.

— Men på grunn av verendringane dei siste ti åra, ser vi at det rasar alle andre stader og. Det er heilt nødvendig med auka midlar til rassikring.

Sjå kartet vårt over ras dei siste dagane:

Blir rassikring tilstrekkeleg prioritert? Sei meininga di.