Det er alltid farleg å seie at ei sak er prinsipiell. Men det som i alle fall må kunne seiast om denne saka, er at ho er svært interessant. Det har ikkje vore lett å finne ei sak som liknar. Dommen bør vere svært interessant for alle som har diabetes, og det blir jo stadig fleire, seier advokat Jan C. Dyngen til Bergens Tidende.

Førde-advokaten forsvarar den tiltalte mannen i 60-åra. Han nektar straffeskuld for den alvorlege tiltalen, å ha forårsaka ei bilulukke der to eldre kvinner omkom og to andre blei hardt skadde.

Medviten eller ikkje

Trafikkulukka skjedde mellom Årdalstangen og Øvre Årdal i februar 2004. Mannen som har sukkersykja, seier han ikkje hugsar noko mellom klokka 14 og 22 ulukkesdagen. Han meiner han må ha hatt føling og mista medvitet.

Om mannen var bevisst er det sentrale spørsmålet. For finn retten at han var det, er han også strafferettsleg ansvarleg. Då må han også dømmast for aktlaust å ha ført bil slik at to personar døydde.

I gårsdagens prosedyre viste aktor Knut Broberg til erklæringa frå den psykiatrisk sakkunnige som konkluderte med at tiltalte verken kan ha vore fullstendig bevisstlaus eller hatt sterkt nedsett medvit. Han grunngav dette med at sunnfjordingen både var i stand til å køyre bil og svare relevant på spørsmål etter ulukka.

— Eg ser ikkje noko grunn til å setje den rettspsykiatriske vurderinga til side. Også ein person med diabetes kan setje seg sjølv i ein situasjon der det skjer ting som har konsekvensar for andre. I ein del tilfelle vil ein då måtte haldast strafferettsleg ansvarleg, seier Broberg.

Sliten

Advokat Jan C. Dyngen fokuserte i sitt avslutningsinnlegg på at det avgjerande må vere at tiltalte har diabetes og har fått føling.

— Min klient har drukke den same mengda sprit eit par gonger i veka i årevis, utan at det har fått nokon konsekvensar. Så skjer dette tragiske ein laurdag for halvanna år sidan. Etter mitt syn må retten leggje til grunn at hendinga skuldast lågt blodsukker, og dermed ta stilling til om min klient har vore medvitslaus, seier Dyngen.

Forsvararen kravde full frifinning, subsidiært at retten dømmer tiltalte mildast mogleg.