Forsvararen krev at Hashin vert frikjent for valdtekt, og at han ikkje får meir enn ti år i fengsel for drapet.

Aktor meiner derimot at tiltalte må dømmast både for drap og valdtekt av 19 år gamle Hedda Karterudseter.

— Ingen tvil

— Om drapstiltalen heftar det ikkje tvil. Derimot er det knytta tvil til tiltalen om valdtekt, ikkje minst fordi Hashin ikkje har tilstått, sa aktor.

Under prosedyren konsentrerte aktor seg difor om valdtektspunktet i tiltalen.

— Hashin har innrømt at han kledde av henne. Han blottla kjønnsorganet hennar. Kva anna enn eit seksuelt motiv kan liggje bak at han kledde av henne? spurde Soknes. Han viste også til at Hashin i første politiavhøyr etter at han kom tilbake til Norge, vedgjekk dette.

Trur ikkje på Hashin

Statsadvokaten understreka under prosedyren for Sogn tingrett nok ein gong at han ikkje trur på Hashins historie om at ho skal ha møtt to gutar då dei kom til folkehøgskulen.

— Desse gutane har aldri eksistert, sa Soknes.

Aktoratet meiner dette blir bevist gjennom ei rekkje andre opplysningar i saka. Observasjonar og mobiltelefonsamtaler fortel at Hashins opplysningar om at han venta på Hedda bortimot ein halv time utanfor internatet, ikkje kan stemme.

— Hedda blei sett ut av spell gjennom minst tre slag eller spark. Så valdtok han henne, før han til slutt kvelte ho. Alt blei gjort på 20-25 min, sa Soknes.

Det er likevel på det reine at politiet venta lenge med å sjekke forklaringa til den tiltalte mannen.

- Angrar på drapet

Drapstiltalte Hassan Samriye Hashin framsto som ein angrande syndar i retten torsdag. Han sa mellom anna at han ikkje veit om han orkar å leve med det han har gjort.

Til trass for sjølvmordstankane, sa ein rettpsykiater torsdag at Hashin er strafferettsleg tilrekneleg.


Fakta om Sogndal-drapet

  • Påtalemyndigheten mener at Hedda Karterudseter ble utsatt for et seksuelt motivert drap, og begrunner det med måten hun ble funnet på. Klærne var delvis revet av, og hun hadde bitemerker på kroppen.
  • Tiltalte Hassan Hashin har erkjent straffskyld for forsettlig drap, men nekter for voldtekt. Han har forklart at han var sjalu fordi han trodde Hedda hadde hatt sex med andre, og at han kledde av henne for å undersøke henne.
  • Påtalemyndigheten fester overhodet ikke lit til forklaringen. Da Kripos-teknikerne undersøkte åstedet, fant de spor etter intens kamp mellom Hedda og drapsmannen.
  • Hedda Karterudseter ble funnet kvalt på internatrommet sitt på Sogndal folkehøgskule 28. oktober i fjor.
  • Hashin ble tatt i Nederland etter flere måneder på flukt.
  • Rettssaken i Sogndal avsluttes i dag, torsdag 28. april 2005.
<b>DREPT:</b> Hedda Karterudseter vart funnen drept på hybelen sin i Sogndal 28. oktober i fjor.
Privat