20 år gamle Madushanka Perera er tiltalt for aktlaust drap på den eitt år eldre bror sin. Han er også tiltalt for promillekøyring. I retten sa statsadvokaten i dag at det i denne saka ikkje ein gong eksisterer teoretisk tvil om kven køyrde bilen.

— - Dette var ei ulukke som skuldast ein kombinasjon av høg fart og alkoholpåveknad, sa aktor under dagens prosedyrar. Aktoratet meiner tiltalte også må frådømmast retten til å ha førarkort for ein periode på fire år.

I prosedyren understreka statsadvokaten likevel at det finst formildande omstende:

-- Det var tiltaltes bror som omkom, og det har tatt lang tid før rettssaka kom opp. Tiltalte sjølv har fått straff nok. Han har teke livet av sin eigen bror, det må han leve med resten av livet. Når han må dømmast, er det på grunn av dei allmennpreventive årsakene.

Fire personar var involverte i ulukka som skjedde like utanfor sentrum i sognebygda. Tiltaltes eldste bror omkom momentant. To kusiner blei begge hardt skadde, medan tiltalte slapp frå ulukka med relativt små fysisk skader.