Aktor Benedicte Hordnes kravde i Sunnhordland tingrett i dag fengsel i 14 år for den hovudtiltalte mannen (27), for drap under særs skjerpande omstende på Asbjørn Hvidevold.

Ho la òg ned påstand om fengsel i fire år for passiv medvernad for den 20 år gamle kameraten til hovudmannen. Han burde ha gripe inn for å avverge drapet, meiner aktor.

For den 62 år gamle faren til hovudmannen kravde ho fengsel i seks år, for hans påståtte rolle som bakmann.

Hordnes heldt prosedyre i Sunnhordland tingrett i føremiddag. Ho meiner retten bør dømme den hovudtiltalte 27-åringen for forsettleg drap, og ber retten vurdere dom for overlagt drap.

Ørjan Deisz (arkiv)