Dette melder Kystradioen i dag.

Bakgrunnen for kravet er ein tidlegare voldgiftsdom i 1999 der kommunen blei pålagt å skaffa firmaet ei erstatningstomt i Ljøsnesbukta. Halvorsen skulle få dette som ei erstatning etter at firmaet ikkje fekk opparbeida ei opprinneleg tomt til industriarel og driva pukkverksemd i Ljøsnesbukta etter ein avtale som skriv seg tilbake frå 1991.

Ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, er varsam med kommentar til kravet, men seier til Kystradioen at kommunen meiner å ha følgd opp voldgiftsdommen frå 1999 ved å tilby erstatningstomt i området.