— Eg gir ikkje avkall på skulemedisinen, og trur ikkje at magnettrommelen kurerer kreften. Men eg føler at eg får meir energi. Kroppen blir sett betre i stand til å lækja seg, seier Aud Røsland til Bergens Tidende.

Den 51 år gamle kvinna ligg på benken i eit kjellarrom hos Anne Lise Leigland.

Magnettrommelen rundt kroppen hennar avgir varme og ein svak dur. Ho lyttar til musikken frå ein radio som er plassert i andre enden av rommet for ikkje å bli påverka av magnetismestrålinga.

Dette er luksusbehandling i forhold til cellegiftkuren som Aud Røsland gjennomgår ein gong i veka på Stord sjukehus. Ho lir av brystkreft som spreidde seg til lunger og skjelett i fjor.

— Før kvidde eg meg veldig til kvar cellegiftkur, for eg blei så dårleg. Men no går det betre. Eg ser nesten fram til kvart besøk på sjukehuset, seier Røsland.

Aud Røsland skryt av oppfølging og god kontakt med personalet på sjukehuset. Ho trur samstundes at det nesten daglege opphaldet i magnettrommelen har styrkt kroppen sin allmenntilstand.

Smertelindrande

— Det ser ut til at magnetbehandlinga er smertelindrande. Ei av brukarane har blant anna gått ned i morfindosering, seier Anne Lise Leigland, vertskap for den alternative klinikken i eit lite kjellarrom på Innvær ved Rubbestadneset.

Anne Lise Leigland (48) veit meir enn dei fleste kva kreft er. Ho fekk sjukdommen første gong i 1982, og har seinare hatt åtte ulike krefttypar.

Ho og mannen mista ein kreftsjuk son for sju år sidan.

— Bitter? Jau, eg kjempar med det, men vil ikkje vera det. Vi må prøva å halda humøret oppe, seier Anne Lise Leigland. Ho og dei andre kreftsjuke kvinnene som brukar magnettrommelen har mykje lått og løye saman.

— Vi må sjå også det positive ved det å ha kreft; å møta kjekke folk, å få omsorg, seier Aud Røsland.

Investerte 80.000 kroner

Det var ei av dei mange og lange reisene til og frå behandling og oppfølging på Haukeland sykehus som avfødde ideen om ein Bømlo-plassert magnettrommel.

— På ein bytur kom eg i snakk med ei kreftsjuk dame som kom frå magnetsenteret i Åsane. Ho rådde meg til å prøva. Eg ville ikkje reisa heilt til Bergen, men fekk sjansen då denne kvinna fekk ein trommel heim til seg på Bømlo, fortel Anne Lise Leigland.

— I fjor sommar bestemte eg og ei anna kvinne oss for å investera nær 80.000 kroner i ein eigen magnettrommel. Så kom også Aud med. Vi sende brev til bedrifter og organisasjonar med spørsmål om støtte, seier Leigland.

I alt har dei tre magnettrommel-damene fått inn vel 45.000 kroner, frå privatpersonar, ein trekkspelklubb, frå Røde Kors og Lions. 20.000 kroner er komne frå Aud sin tidlegare arbeidsplass Wärtsilä, som ho håpar å få venda tilbake til. Stadig fleire ønskjer no å få prøva trommelen.

Alternativt og skulemedisin

Anne Lise Leigland får annakvar veke cellegiftbehandling ved Haugesund sjukehus.

Korkje ho eller Aud Røsland ser problem ved å kombinera skulemedisin med alternativ behandling. Opphaldet i magnettrommelen varer inntil ein time. Tek ein lengre behandling, blir ein nokså trøytt etterpå, er Leigland og Røslands erfaring.

Under Leigland sitt hus er det så sterk jordstråling at kjellaren måtte skjermast med magnetar før magnettrommelen med pulsatorboks og styrkeregulator blei installert.

STRÅLANDE BEHANDLING: Magnettrommelen set kroppen betre i stand til å kjempa mot kreftsjukdommen, meiner Anne Lise Leigland (t.v.) og Aud Røsland. Dei har investert i sin eigen trommel.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR