• Eg vil gjere dette til eit opprør mot helsepolitikken i Noreg, seier den kreftsjuke politimannen Helge Audestad (49). Han får ikkje livsforlengande medisin fordi det er for dyrt.

I går kveld kom Helge Audestad heim att til Vaksdal etter dagar i Oslo der han stod fram med si historie i Tabloid på TV 2.

Audestad har kreft men får ikkje den medisinen han treng fordi den er for dyr, i følgje VG. Medisinen er godkjent og blir tilrådd frå medisinsk hald, men den er for dyr for norsk helsevesen. Ein seks vekers kur kostar 120.000 kroner.

Helsedepartementet har bede Helse Vest og Haukeland Universitetssjukehus om å ta saka opp til ny vurdering, ifølgje informasjonsdirektør Mona Høgli.

— Vi tek det med pasienten når han kjem til vanleg kontroll ein av dei nærmaste dagane, seier Høgli.

- Noreg har råd

Audestad, som stod fram offentleg fredag i førre veke, er heilt klar på at saka ikkje handlar om at han skal få hjelp.

— Eg vil ikkje vere nøgd med at dei snik seg ut bakvegen og berre godkjenner medisin til meg. Det er ikkje mi meining med å stå fram å egoistisk kjempe for meg sjølv. Det er det siste eg vil. Då vil eg heller unnvere behandling, viss det blir på den måten, seier han.

Målet for Audestad er at politikken på feltet blir lagt om.

— Dette er eit landsomfattande problem som går på heile helsepolitikken, som er ute av kurs - styrt av økonomiske omsyn. Vi har pengar nok til vere verdsmeister i givarglede, men til vår eigen befolkning har vi korkje råd til sjuke eller gamle, seier han.

— Vi må leggje om politikken slik at alle sjuke i Noreg får maksimal behandling ut frå fagleg medisinsk vurdering, og ikkje ut frå budsjettomsyn. Uansett kor stor rekningane er så har Noreg råd til å betale, seier han.

Haukeland ser på saka

Høgli seier Haukeland onsdag vil prøve å få ein oversikt over kva konsekvensar det vil få viss ein endrar praksis. Eit sentralt spørsmål her vil vere om endringa skal gjelde alle kreftpasientar, og korleis dette skal finansierast. Det spørsmålet må truleg departementet til sjuande og sist ta stilling til.

Dei vil stå overfor eit brutalt, men vanleg val i helsevesenet om kva som gjev mest helse for pengane.

— Vi skulle sjølvsagt gjeve all tilgjengeleg medisin til alle, men vi er nøydde til å gjere ei vurdering ut frå kva som har best effekt i høve til kostnadene. Det er viktig å få nasjonale retningslinjer for dette, og for at politikarane tek ansvar for dei konsekvensane det får, seier Høgli.

FÅR IKKJE HJELP: Helge Audestad har kreft men får ikkje den medisinen han treng fordi den er for dyr.<br/>Foto: PAUL SIGVE AMUNDSEN