Kreftregisteret har gått gjennom lista over 32 personar som skal ha døydd av kreft på Skotaberg på Stord i perioden 1977 til 1999.

Tre av personane blei ikkje funne i Kreftregisteret. To var registrert, men hadde ikkje kreft. Talet på kreftdødsfall er såleis 27.

Det kjem fram i eit brev frå direktør Frøydis Langmark i Kreftregisteret til kommunelegen i Stord kommune.

Mange ulike krefttypar

Av dei 27 var 14 menn i alderen 45 til 81 år. Fire døydde av lungekreft, fire av kreft i endetarm/tykktarm, to av kreft i nase/gane.

Resten er enkelttilfelle av hjernekreft, kreft i urinblære, prostata, magesekk og bukspyttkjertel. I alt var det 15 krefttilfelle fordelt på 14 menn.

Dei 13 kvinnene i undersøkinga har ein lågare snittalder. Dei var alle mellom 27 og 69 år då dei fekk kreftdiagnosen.

Fire mista livet av brystkreft, tre av kreft i eggstokkane, to fekk kreft i magesekken. Dei andre kreftdødsfalla skuldast leukemi, lungekreft og kreft i analkanal og tykktarm.

«Diagnoseperiodens lengde, aldersvariasjonen og variasjonen i diagnoser tyder ikke på noe mønster som gir mistanke om geografisk fellesnevner. De aller fleste døde av sin cancer, men det influerer ikke på tolkningen» skriv Frøydis Langmark som ein konklusjon på undersøkinga.

Ikkje overraska

— Dette resultatet er som forventa. Eg er ikkje overraska. Men me har framleis andre undersøkingar som me har lova å gjennomføra. Dei kan gje interessante funn, seier kommunelege på Stord, Lars Helge Sørheim til Bergens Tidende.

Stord kommune har sett i gang ei omfattande gransking etter at naboar på Skotaberg reagerte på alle krefttilfella i nabolaget.

Bustader i området har fått gratis radonmålar, det skal takast stikkprøvar i jord- og berggrunn for å avdekka eventuelle miljøgifter og vassleidningar av eternitt skal kartleggjast.

Rådmann Martin Dahle opplyser at Sunnhordland Kraftlag (SKL) har fått i oppdrag å måla radiofrekvent stråling frå mobilmasta på Midthaugen.

— Kan SKL seiast å vera uavhengige, slik Kurt Oddekalv krev?

— Me kjenner til Kurt Oddekalv sitt standpunkt. SKL har fått ansvaret og må gjerne nytta andre til å måla for seg, seier Dahle.

Kommunen ventar resultat av dei ulike prøvane i mars eller april.