Vassbassenget har vore nytta som drikkevatn av tre husstandar, melder NRK Hordaland.

— Vi veit at desse stoffa kan vere helseskadeleg. Så vi anbefaler å ikkje drikke vatnet, for å vere på den sikre sida, seier avdelingsdirektør i Norsk Vatn i Folkehelseinstituttet, Truls Krogh til NRK.

Krogh er overraska over funnet i Sløvåg.

— Vi er ikkje førebudd på at stoffet kunne finnast i noko drikkevatn i slike mengder. Det er forbausande.

Ifølgje rapporten frå Statens Forureiningstilsyn er det uvisst om stoffet kjem frå Vest-Tank eksplosjonen for over to år sidan. Ordførar i Gulen, Trude Brosvik, seier det går føre seg eit arbeid for å finne dette ut.

Ein av dei som har fått PCB påvist i drikkevatnet sitt, kallar det ein skandale.

— Det er trist at vi ikkje har fått vite noko før no, seier Hans Ringereide til NRK.