Bergenslegen Pontus J. P. Tilrem stoppa i vinter behandlinga av kreftpasientar med misteltein. Årsaken var ein overveldande pågang frå pasientar som ville prøve den alternative behandlingsmetoden, kombinert med hard kritikk frå legar ved Haukeland som metoden ikkje held vitskapeleg mål. No tek forskarar ved Radiumhospitalet over stafettpinnen, melder nettstaden til Den Norske Kreftforening, kreft.no. Forskarane skal prøve ut om stoffet viscumin, som finst i mistelteinplanten, har effekt på kreft hos menneske. – Hensikten er å bestemme kva dose viscumin som er mest hensiktsmessig i behandlinga av kreftpasientar, seier leiaren av studien, professor Steinar Aamdal ved Radiumhospitalet, til kreft.no. Stoffet skal spøytast inn under huda to gonger i veka over ei periode på seks veker. Hittil er 22 pasientar med ulike kreftformer tatt ut til å vere med. Ein føresetnad er at dei ikkje har fått mistelteinbehandling før. Studien er den første i sitt slag i Europa, og går parallelt med ein tilsvarande studie i Tyskland.