For tredje gong arrangerer EU ein stor forskingskonferanse om framtidig kreftbehandling. Her møtest toppforskarar frå heile verda for å leggje fram og diskutere dei aller nyaste prinsippa innanfor framtidig kreftbehandling.

Årets konferanse opnar fredag på Solstrand Hotell i Os, og blir arrangert i samarbeid med Universitetet i Bergen. 25 forskingsleiarar frå store institusjonar er inviterte til å halde føredrag for rundt hundre deltakarar.

— Vi fokuserer på spisskompetanse, og har prøvd å hente inn eliten. Nokre av deltakarane er heilt i verdsklasse, seier professor Rolf Bjerkvig ved Institutt for biomedisin i Bergen.

Ein av dei store utfordringane ved å utvikle framtidig medisin er å finne nye angrepsmål på kreftcellene. Slike «mål» vil kunne brukast til å identifisere kreftceller i kroppen, og gje ny kunnskap om korleis desse cellene spreier seg.

Det er dei vanskelegaste kreftformene - blant anna i hjerne, bukspyttkjertel, eggstokk, bryst og hos barn - som særleg er tema på konferansen «Molecular targets and cancer». Kreftforsking er eit satsingsområde i EU.

— Vi er svært glade for at møtet vert lagt til Bergen, seier Jan van de Loo, som koordinerer fleire prosjekt i EU-regi.