Fleire var rørt til tårer då legane til Kenneth Birkenes fekk overrekt ein sjekk på nær 500.000 kroner i dag.

— Det har vore ei fantastisk reise, frå vi starta innsamlinga på senteret i Etne til vi står her i dag med sommarfuglar i magen, sa Anne Britt Grindheim.

— Eller elefantar, kom det raskt frå Jorunn Halsnes, som saman med Grindheim har stått bak sommarens store innsamlingsaksjon i Etne.

Kenneth Birkenes-marsjen

MARSJMORO: Jorunn Halsnes, Kenneth Birkenes og Anne Britt Grindheim i full fart aksjonsdagen i august.
PRIVAT

16. august gjekk over 600 menneske den over 10 kilometer lange turen på gamlevegen langs Åkrafjorden. Det vil seie, dei fleste gjekk. Nokre sat i hengar og spelte gitar, og nokre vart trilla når det kneip med kreftene.Marsjen langs Åkrafjorden tok namn etter Kenneth Birkenes, som opphavleg er frå Etne. Birkenes er truleg den einaste i verda som fire gongar er ramme av Ewings sarkom og har overlevd.

Innsamlinga resulterte i 462.000 kroner til kreftsaka. Eller eigentleg 462.350 kroner. Dei siste 350 rakk ikkje å teljast med i sjekken, for dei fekk Jorunn Halsnes overrekt på ferja frå Etne.

Siste slant på ferja

Til Bergen drog nemleg Grindheim og Halsnes i klovn— og babykostyma sine, som dei har brukt gjennom heile aksjonen.

Kostyma vekte oppsikt på ferja, fortel Halsnes, som fekk spørsmål frå ei jente om kvifor de var kledde slik.

— Då eg fortalde om innsamlinga og Kenneth Birkenes, kom ho tilbake med 250 kroner. Alt ho hadde av kontantar, sa ho. Like etter kom venninna med ei hundrelapp, fortel Halsnes.

Til kontroll

Klemmar og tårar vart det òg for Kenneth Birkenes i dag, som ikkje berre var på Haukeland for å delta i overrekkinga. Birkenes skulle òg på kontroll, etter at han i fjor for fjerde gong fekk utbrot av den sjeldsynte beinkrefttypen Ewings sarkom. 16. juni var han friskmeldt.

— Utruleg nok gjekk det vegen denne gongen, seier han med eit smil.

Mange NRK-sjåarar vart kjent med Birkenes då han i 2011 deltok i «Uten grenser» med Lars Monsen. Då hadde han vore gjennom tre harde kreftkurar.

I fjor sommar fekk han nok eit tilbakefall. Denne gongen ein svulst i ryggen.

No er Birkenes på veg tilbake i jobb. Til dagleg driv han med rehabilitering. I tillegg prøver han å gjere livshistoria si til leveveg, gjennom foredrag om livslyst, motivasjon og kampen mot kreft.

— Du finn nokre harde mentale løysingar når du skal gjennom eit slikt tøft år. Eg har gjort det fire gongar.

«Onkel Odd«

KYSS: Sjå her, sa Jorunn Halsnes og peika på smekka der det sto Kiss me. Då fekk ho eit kyss av overlege Odd Monge.
MARITA AAREKOL

Overlege Odd Monge ved Senter for Bein og Bløtvevsvulstar tok imot sjekken frå Grindheim og Halsnes. Eller «onkel Odd», som Kenneth kallar han.Mange har vore Birkenes sin lege heilt sidan han første gong vart sjuk 15 år gammal.

Sarkomer er sjeldne kreftformer som rammar unge menneske. Legane på senteret får difor ofte eit langvarig og nært tilhøve til pasientane sine.

Birkenes er likevel i særklasse, fortel Monge.

— Kenneth er ein person som gjer stort inntrykk, seier han.

Monge takka for pengane og lova at dei skal brukast godt.

Store framsteg

Når det gjeld sarkomar har legevitskapen gjort store framsteg opp gjennom åra. Erwin sarkom, som Birkenes har vore ramma av, vart først skildra i 1921. Dei første åra var kuren å amputere kroppsdelar. Likevel overlevde berre fem prosent.

For 30- 40 år sidan overlevde 40 prosent. Med dagens behandlingsmetode er overlevinga no 95 prosent, fortalde Monge.

— Nøkkelen til det er samarbeid mellom spesialistar på ulike felt, seier han.

Berre Radiumhospitalet og Haukeland behandlar slike sarkomar.

Kenneth Birkenes flytta austover for over 10 år sidan. Likevel har han halde kontakten med legane på Haukeland, og har pendla tilbake for behandling når kreften har råka på nytt.

No er Birkenes ikkje berre pasient, men og forskingsobjekt.

— Vi prøver å finne ut kva det er med Birkenes som gjer at han kreften kjem tilbake og at han klarer seg, fortel Monge, som no har fått litt meir pengar å forske for.