— Til liks med mange andre sognebygder hadde Vik paradisiske krefttilstandar for 30 år sidan. No har også Sogn og Fjordane hala innpå landsgjennomsnittet, seier forskaren frå kreftregisteret.

— Vi fekk en brå auke i første halvdel av 1990-talet, då fleire unge vart råka, seier kommunelege Helge Bjordal til Bergens Tidende.

— Vi nådde faktisk att landsgjennomsnittet på desse fem åra, men heldigvis sakka vi akterut att fram mot tusenårsskiftet.

I løpet av dei ti nittiåra hadde Vik 183 krefttilfelle, mot forventa 192 ut frå landsgjennomsnittet.

Kommunelegen har forståing for frykta for sjukdommen blant folk. Bjørn Kjetil Holen fekk heile 769 underskrifter på eit opprop om å granska kreftfaren i Vik. Han opplevde dei mange tilfella av sjukdommen som unaturleg. Den store oppslutnaden speglar av reell frykt.

Dei frammøtte i Vikjahallen i går kunne godt ha tenkt seg ei grundigare gransking, til dømes om det er meir kreft i Bødalen enn andre stader i kommunen, og om det er farlegare å jobba på Vik Verk enn i Fresvik Produkter. Men fagfolka meiner at det gir for små tal til å laga påliteleg statistikk av.

Vik er om lag på linje med nabokommunane Balestrand, Sogndal og Lærdal når det gjeld kreftprosent. I Leikanger og Årdal er det meir kreft. Berre Aurland har vesentleg mindre.

IKKJE UNATURLEG: Tor Haldorsen frå Kreftregisteret kunne under eit folkemøte i Vik i går kveld opplyse at talet på krefttilfelle i kommunen ikkje er unaturleg høgt.<br/>Foto: ARNE HOFSETH